Mellombels anleggsarbeid

Anleggsarbeid treng stort sett ikkje løyve frå Statsforvaltaren etter forureiningslova, da loven åpnar for at mellombels anleggsarbeid er tillatt utan løyve. Det er først og fremst større infrastrukturprosjekt som utløyser krav oom løyve etter forureiningslova.

Som utbyggar/tiltakshavar har du ansvar for å sikre at sjø og vassdrag ikkje blir skadelidande av anleggsarbeidet.

Forureiningsfare 

Mellombels anleggsarbeid kan føre til vesentleg skade på miljøet ved blant anna at store mengder partiklar/slam og ei rekke andre forureiningskomponentar finn vegen til sjø og vassdrag. Partiklane frå anleggsarbeid kan vere svært skadeleg for blant anna fisk og botndyr. Anleggsvatn vil også typisk kunne ha høgt innhald av miljøgifter og tungmetall, høg pH og nitrogenforbindelsar. 

Regelverk 

Mellombels anleggsarbeid kjem inn under ein unntaksregel i forureiningslova. Bygge- og anleggsverksemd som kun er mellombels, ikkje varar lenger enn ca. 2-3 år, er dermed lovleg etter forureiningslova så sant forureininga ikkje fører til uakseptable skadeverknader på sjø- og vassdrag (forurensningsloven § 8 første ledd nr. 3). At anleggsarbeidet er lovleg betyr i praksis at det ikkje treng løyve etter forureiningslova § 11. 

Myndigheit 

Statsforvaltaren er forureiningsmyndigheit for mellombels anleggsarbeid. 

Kva tid treng du løyve frå Statsforvaltaren? 

Det skal alltid utarbeidast ein miljørisikovurdering før anleggsarbeidet startar opp.

Miljørisikovurderinga dannar grunnlaget for vurderinga av om tiltaket treng løyve. Anleggsarbeid vil kunne kreve løyve etter forureiningslova § 11 om tiltaket varer utover det som er rekna som mellombels og/eller at det fører til forureining utover det som er akseptabelt. Dersom anleggsarbeida vil føre til irreversible øydeleggingar av ytre miljø, vil det alltid kreve løyve etter forureiningslova. Ved store prosjekt, der tiltakshavar er usikker på om arbeidet fell inn under unntaksregel i forureiningslova, skal Statsforvaltaren kontaktast for ei vurdering av om tiltaket treng løyv  etter forureiningslova. Det er først og fremst store prosjekt som bygging av vegar og jernbane, som utløyser behov for løyve etter forureiningslova. 

I miljørisikovurderinga må forureiningane vurderasr i størrelse og type og sjåast i samanheng med kor sårbart vassdraget er. På bakgrunn av ei miljørisikovurdering skal det utarbeidast eit miljøoppfølgingsprogram som omtalar kva tiltak som skal iverksettast for å redusere forureining av sjø og vassdrag. Kor omfattande eit slikt arbeid må vere, er avhengig av størrelsen på utsleppet og faren for forureining. 

  

Anna relevant regelverk 

Tiltak i vassdrag

Tiltak i og langs vassdrag som kan ha betydning for leve- og produksjonsområde for fisk og/eller andre ferskvassorganismar krev i dei fleste tilfelle løyve etter forskrift om fysiske tiltak i vassdrag.

Her finn de rettleiing ved søknad om tiltak i vassdrag.

 

Påslepp til kommunalt leidningsnett 

For påslepp til overvassnett og/eller avløpsnett må det innhentast løyve frå kommunen for bruk av det offentlege leidningsnettet. Som leidningseigar og eigar av reinseanlegg, kan kommunen stille krav for å beskytte leidningsnett og reinseanlegg, jf. forureiningsforskrifta kapittel 15 A. 

Terrenginngrep i forureina grunn 

Ved terrenginngrep i forureina grunn må det utarbeidast ein tiltaksplan etter forureiningsforskrifta kapittel 2. Tiltaksplanen skal godkjennast av kommunen og kommunen kan stille krav til anleggsvatnet i desse sakene. Handtering av forureina anleggsvatn skal vere med i tiltaksplaner for forureina grunn. 

Les meir på miljøkommune.no:  Forurenset grunn i bygge- og gravesaker 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.