Etterkunngjering av løyve til Statens vegvesen, Region vest

Fylkesmannen har gitt Statens vegvesen, Region vest løyve etter forureiningslova til å utføre eit forsøk med lekter i Byfjorden.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.09.2018

Forsøket vil danne eit grunnlag for ein framtidig søknad frå Statens vegvesen i samband med utfylling i sjø ved Mekjarvik. Forsøket vil gi svar på forventa partikkelspreiing frå utfylling med lekter og gi eit betre vurderingsgrunnlag når det gjeld behov for miljøovervaking mot IRIS sitt vassinntak, ålegraseng og gytefelt for torsk.

Ifølge Statens vegvesen skal arbeidet utførast på éin dag i september, og omfattar dumping av ca. 900 kubikkmeter sprengstein frå tunnelarbeid. Det er i løyvet sett krav om mellom anna overvaking av spreiing av plastavfall og partiklar. Statens vegvesen har også fått samtykke til å fjerne lensene som står ved utfyllinga, jf. tidlegare løyve.

Sjå løyvet i vedlegget til denne nettsaka.

Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.