Rogaland er fylket med mest innmarksbeite

NIBIO har no kome med Arealbarometer for Rogaland. Det viser at omlag 95 % av jordbruksarealet i Rogaland blir nytta til grovfôrproduksjon og innmarksbeite. Ein stor del av verdiskapinga i fylket kjem difor frå ulike husdyrproduksjonar basert på bruk av gras og innmarksbeite.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.09.2017

NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) har kome med ei pressemelding der mellom anna landbruksdirektør Geir Skadberg kjem med betraktningar om tala som kjem fram i Arealbarometer for Rogland. 

Arealbarometeret viser statistikk for ulike arealtyper og tal som viser strukturendringar i perioden 2003-2016. Arealbarometeret viser også at det er mykje jordbruksareal som blir nedbygd i Rogaland. I perioden 2004-2015 er bygd ned nesten 17 000 dekar jordbruksareal, av dette var 63 % tidlegare fulldyrka jord.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.