Har du meldt inn juletresalet ditt?

Me gjennomfører no ei kartlegging av kor mange juletreprodusentar som melder inn salet sitt til VSOP. Dette gjer me ved hjelp av stikkprøvar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.10.2021

Er du juletreprodusent og bur i Rogaland kan du oppleve å få ein telefon frå oss som jobbar med skogbruk hjå Statsforvaltaren i Rogaland i haust.

Virkesdatabasen (VSOP) er eit viktig verktøy for å utforme politikk som kan støtte opp om juletrenæringa, og me arbeider for at fleire produsentar melder inn juletresalet til databasen 

Ein del av arbeidet er å gjere eit tilfeldig utval av juletreprodusentar og undersøke om dei har meldt inn salet. Om dette ikkje er tilfellet tek me kontakt for rettleiing og informasjon om kvifor dette er viktig.

Kva er VSOP?

Norske juletreprodusentar melder årleg inn kor mange juletre dei har hogd og seld og bruttoverdien av desse til VSOP. Databasen gir oss dei offisielle tala for juletreproduksjon i Noreg, og den er eit viktig verktøy for å utforme politikk som kan støtte opp om juletrenæringa.

Rogaland er eit juletrefylke og i 2020 blei det hogd 75 000 juletre lokalt. Truleg er produksjonen og verdiskapinga i juletrenæringa vesentleg større. For at tala skal vere gode og brukande må alle produsentar melde inn salet sitt. Forvaltinga og næringa får då eit best mogleg verktøy for bygge næringa vidare.

Tal juletre meldt inn til VSOP i Rogaland og Noreg 1997-2020. Kjelde VSOP.
Tal juletre meldt inn til VSOP i Rogaland og Noreg 1997-2020. Kjelde VSOP. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Kvifor er det viktig?

Det er mange grunnar til å melde inn til VSOP:

  1. Det synleggjer lønsemda, verdiskapinga og arbeidsstadene i næringa.
  2. Det synleggjer Rogaland si rolle i juletreproduksjonen nasjonalt.
  3. Det gir oversikt over utviklingstrekk i næringa som tal produsentar og produksjon over tid.
  4. Næringa får talgrunnlag til bruk i søknadar om midlar til rekruttering, utvikling og innovasjon.
  5. Det dokumenterer om dei økonomiske verkemidlane for juletrenæringa er rette eller rett utforma.
  6. Det gir mulighet for auka kunnskapen om norsk juletrenæring i befolkninga.
  7. Fleire produsentar blir bevisst den økonomiske fordelen med å bruke skogfondet.
  8. Næringa framstår som seriøs.
  9. Produsentane er pålagt å rapportere etter regelverket om skogfond.

Rapportering til VSOP er lovpålagt

Det høyrer til historia at innmelding til VSOP er noko alle produsentar må gjere, jamfør forskrif om skogfond.

Du finn meir informasjon om reglar for rapportering i denne nettsaka frå januar 2021 og på nettsidene til Landbruksdirektoratet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.