Slik fungerer innmelding av juletresalet til VSOP

Alt sal av varer frå skogbruket må meldast inn til Virkesdatabase for Skogfond Og måleOpplysninger (VSOP). Kvifor, kva og korleis skal du melde inn juletresalet til databasen?

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.06.2021

Juletre og pyntegrønt reknast som ein del av skogbruket, og sal av juletre og pyntegrønt skal i likheit med tømmer og ved meldast inn til Virkesdatabase for Skogfond Og måleOpplysninger (VSOP).

For juletreprodusentane og juletrenæringa er det mange gode grunnar til å melde inn til databasen:

  1. Det synleggjer lønsemda, verdiskapinga og arbeidsstadene i næringa.
  2. Det synleggjer Rogaland si rolle i juletreproduksjonen nasjonalt.
  3. Det gir oversikt over utviklingstrekk i næringa som antal produsentar og produksjon over tid.
  4. Næringa får talgrunnlag til bruk i søknadar om midlar til rekruttering, utvikling og innovasjon.
  5. Det dokumenterer om økonomiske verkemidlar for å bygge opp under næringa er utforma riktig.
  6. Det gir mulighet for auka kunnskap om norsk juletrenæring i befolkninga.
  7. Fleire produsentar blir bevisst den økonomiske fordelen med å bruke skogfondet.
  8. Næringa framstår som seriøs.
  9. Produsentane er pålagt å rapportere etter regelverket om skogfond.

Databasen legg grunnlaget for statistikk over sal og marknad for juletre, gir myndigheitene oversikt over aktiviteten i skogbruket, og opplysningar til bruk for trekk og innbetaling av skogfond.

Kven skal rapportera

I dei fleste tilfelle melder produsenten inn salet til databasen sjølv. Dette gjeld ved direktesal til kundar utanfor butikk, på torg, bensinstasjonar, på bestilling, sjølvhogst mfl. Det gjeld i praksis også når ein produsent sel juletre til idrettslag, organisasjon eller liknande som sel trea vidare.

I tilfelle der ein produsent leverer juletre eller pyntegrønt til ein større grossist som sel vidare til andre aktørar i Noreg eller i utlandet er det grossisten som skal rapportere desse trea. Her er det likevel produsenten som sit med ansvaret for at rapporteringa faktisk skjer, sjølv om det er ein grossist som rapporterer i praksis. Det kan difor vere lurt å høyre med din grossist kva rutiner dei har for rapportering av juletrea.

Kva skal rapporterast

I databasen skal ein rapportere inn omsetninga frå juletresalet, med andre ord alle samla inntekter innanfor gitt salsperiode. Du treng informasjon om kor mange tre du har selt, og kva den totale omsettinga di er for gitt sesong (bruttoverdi utan moms).

Tal selte tre blir brukt til statistiske føremål, som i grafen under. Omsettinga blir i tillegg til statistikk nytta som grunnlag om du ynskjer å trekke skogfond.

Tal juletre meldt inn til VSOP i Rogaland og Noreg 1997-2020. Kjelde VSOP.
Tal juletre meldt inn til VSOP i Rogaland og Noreg 1997-2020. Kjelde VSOP. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Korleis rapportera

Du kan rapportere elektronisk via Altinn eller på papirskjema som sendest til kommunen.

Elektronisk

Papirskjema

  • Skjema på nynorsk og bokmål finn du i høgre marg.
  • Obs: I papirskjemaet står rapportering av juletre og pyntegrønt under «frivillig». Dette er fordi det frivillig å sette av skogfond. Samstundes er det ikkje valfritt å rapportere omsettinga.

Bruk av skogfond i juletreproduksjon

Når du melder inn salet ditt har du også moglegheit til å sette av mellom 4 - 40 prosent av inntekta frå salet til skogfondet knytt til eigedomen din. Dette er frivilleg for sal av juletre og pyntegrønt.

Summen som blir sett av i skogfondet blir ikkje inntektsført og du får dermed eit lågare inntektsgrunnlag. Inntektsføringa skjer når pengene blir teke ut av fondet igjen, men då er det berre 15 % som blir beskatta. Skogfondet er dermed ei svært gunstig ordning.

For at denne skattefordelen skal tre i kraft må midlane på kontoen nyttast til gitte føremål. Innanfor juletre- og pyntegrøntproduksjon gjeld dette kostnadar knytt til etableringa av plantefelta. Etableringsfasen er definert som det kalenderåret plantinga skjer, pluss det påfølgande kalenderåret.

I etableringsfasen kan du nytte skogfond til mellom anna:

  • Jordbearbeiding som er nødvendig for å sikre god etablering (ugrasbekjemping, torvflekking, ordinær markbereding)
  • Ugrasbekjemping
  • Drenering som skjer i forbindelse med etablering av feltet
  • Skogsbilvegar, på same måte som for skogproduksjon
  • Inngjerding med føremål å hindre vilt i kome inn på feltet
  • Bekjemping av lus og sopp
  • Gjødsling

Du kan lese meir om skogfond på informasjonssidene til Landbruksdirektoratet.

Kva tid skal du melde inn til VSOP?

Du bør melde inn salet så snart du har klart tal over antal tre selt og omsetning. 

I prinsippet er det ein frist den 6. i månaden etter at heile eller delar av oppgjeret for salet har funne stad. I praksis varierar fristen mellom den 6. og den 12. kvar månad avhengig av vekedagane. Eit unntak er om oppgjeret for salet kjem på eit seinare tidspunkt, eksempel for ein grossist som får oppgjer frå ein kjøpar. Då er fristen fyrste månad etter oppgjeret.

For mange produsentar kan denne datoen kome brått på. For grossistar kan det vere vanskeleg å rekke den i det heile.

Om du ikkje rekk fristen må du likevel å registrere juletresalet. Gjer dette så snart du har klart tal for sal og omsetning.

Konsekvensane av å melde inn etter fristen er at midlane du eventuelt set av til skogfond blir ført på skogfondsrekneskapet for det nye året (2022 i dette tilfellet). I tillegg kjem tal for antal selte tre og omsetning på neste salsår i statistikken. Historisk har det vore ei forskyving i denne statistikken nettopp fordi mange ikkje rekk å melde inn før etter fristen. Om alle melder inn salet vil denne forskyvinga jamne seg ut over tid og har lite konsekvensar.

Det er Landbruksdirektoratet som er ansvarlege for Virkesdatabasen og du finn meir om rapporteringa på deira nettsider. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.