Fagdag om regenerativt landbruk og bygging av fruktbar jord

Målrettet beiting er eit viktig element i verktøykassen til regenerativt landbruk. Foto: Arin Erga

Lær om korleis en kan bygge opp mold i jorda og lar mikroorganismane jobbe for deg. Høyr om erfaringane frå bønder som har testa ut regenerative metodar. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.09.2022

Velkomen til ein innhaldsrik dag om jord, oppbygging av humus, tolking av jordanalysar og beiting som eit av verktøya i regenerativt landbruk og karbonbinding. Kurshaldar er Vibhoda Holten i Sunn Jord, det vil bli innlegg frå lokale bønder, frå NLR og/ eller Statsforvalteren om tilskot gjennom Regionalt miljøprogram. Dagen passer best for deg med grovfôrbasert husdyrhald.

Fagdagen vil bli arrangert 4.oktober på Sandeid Samfunnshus i Vindafjord og 6.oktober på Øksnevad vgs i Klepp kommune.

Program og påmelding innan 2.oktober -følg linken
Sandeid 4.oktober
Øksnevad 6.oktober
Ver venleg og vipps kr 200 til #129852 som eit bidrag for møtematen når du melder deg på.

 

Arrangørar: Statsforvaltaren i Rogaland i samarbeid med NLR Rogaland og Økologisk Rogaland. Fagdagen har fått støtte frå Rogaland fylkeskommunen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.