Serveringsmerke har blitt til valørmerke

Debio har lansert eit nytt merke som matvarehandelen kan bruke for å marknadsføre økologisk mat. Tidlegare var merkeordninga øyremerka serveringsstader. Nå kan både butikkar og serveringsstader bruke same merke for å synleggjere økologisk mat.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.03.2016

Serveringsmerket gav ein peikepinn på kor mykje av råvarane i maten som var økologiske. For bronsemerket var kravet minimum 15 prosent økologisk, for sølv, 50-90 prosent, og for gull meir enn 90 prosent. Valørmerka er ein vidareføring av serveringsmerka, og krava til prosentdelar er framleis dei same.

Nytt er:

  • prosentdelen er ikkje angitt på merka
  • ordet «økologisk» er erstatta med «godkjent»
  • både serveringsstader og matvarehandlen kan bruke dei nye merka

Her kan du lese meir om reglar for bruk av Debio-merke.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.