Viktige innspel til kompensasjonsordning for pelsdyrfarmarar

Fylkesmannen i Rogaland har gitt uttale til forslag til kompensasjonsordning etter avvikling av hald av pelsdyr. Her peikar me på at det å bruke bokført verdi som grunnlag ikkje utan vidare gir ein rettferdig kompensasjon.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.09.2019

Landbruks- og matdepartementet (LMD) har hatt på høyring forslag til forskrift om kompensasjon etter avvikling av hald av pelsdyr. Me har i brev av 23.09.2019 gitt vår uttale til forslaget, og vi har kommentert fleire punkt i forslaget.

Rogaland største pelsdyrfylke

Rogaland er det største pelsdyrfylket i landet, med om lag 60 prosent av minkproduksjonen. Det er også slik at dei enkelte anlegga i snitt er klart større enn landet elles, og det er slik sett mange som står føre ei krevjande omstilling.

Bokført verdi kan vere urettferdig

Me ser at bokført verdi i mange tilfelle kan gi eit ufullstendig bilete av verdien på anlegga, og har i brevet peika på kvifor me meiner dette. I Rogaland er det fleire oppdrettarar som driv med pelsdyr saman med annan produksjon, og her blir utfordringsbiletet ekstra krevjande.

Kan eit «burtillegg» treffe betre enn tispetillegg?

Det er lagt fram eit forslag om eit tispetillegg som eit tillegg i kompensasjonen. Me peikar på at ulike driftsopplegg kan gi variasjon i dyretal, og det å bruke dyretal for året 2017 kan gi nokre tilfeldige utslag. Me tillèt oss å spele inn eit alternativ med burtillegg.

Riving og opprydding

Me støttar forslaget når det gjeld kompensasjon for riving og opprydding, men rår til presisering av kva som ligg i omgrepet "forhåndsgodkjent plan".

Fylkesmannen vil besøke alle som skal ha erstatning

Me er merksame på at mange som dette gjeld står føre ein krevjande periode, og som førsteinstans for ordninga ser me det som naturleg å besøke kvar enkelt farmar. Me ber om ekstra midlar til dette viktige arbeidet.

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.