Vestlandsambassadørar til Berlin

Team Rogaland: Smaken av Ryfylke, Apal sideri, Ryfylke gardsysteri, OmCider, Lysefjorden Sjokolade, Ystepikene samt prosjektleiar frå Matarena og Statsforvaltaren

Messa Internationale Grüne Woche vert arrangert frå 20.-29. januar 2023. Dei norske deltakarane er valt. Dette vert det glimrande reklame av for Noreg og Vestlandet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.12.2022

I det vestlandske fjordlandskapet vert det produsert mat- og reiselivsopplevingar i verdsklasse. Denne gangen reiser 20 utvalde bedrifter frå Fjord Norge-regionen til den største matmesse i verda, Internationale Grüne Woche i Berlin. Den andre regionen som får reise er Trøndelag.

Regionalt er vi organisert som eit samarbeid mellom Statsforvaltarane i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. Vestlands- eller Fjord regionen som vi kaller oss på messa har vore del av dette prosjektet mange gangar før, noko som ikkje er tilfeldig.

Deltakarane frå Fjord regionen er:

Rogaland

Apal Sideri
(Gull og 2 x sølv i Nordic Cider Awards 2022)

 

Lysefjorden Sjokolade

 

OmCider
(Gull og bronse i Nordic Cider Awards 2022)

 

Ryfylke Gardsysteri

 

Smaken av Ryfylke

 

Ystepikene
(Bygdeutviklingsprisen 2022 i  Rogaland)

Vestland

Edel Sider/Åkre Gard
(Norges beste fruktbrennvin og Is-sider 2022)

 

Fjellestad Gardskjøkken

 

Fretheim Hotell

 

Gardsbrenneriet AS
(Bronse i Nordic Cider Awards 2022)

 

Hardangerbonden
(Norges beste sider med smakstilsetning 2022)

 

Myrdal Gard
(Gull i World Cheese Awards 2022)

 

Slettevollen Gardsysteriet i Brekke

 

Kandal Kjøtt

 

Varegga Mat fra Bergen AS
(Årets bærekraftspris 2021)

 

Buer Gård og Restaurant

Møre og Romsdal

Eggen Restaurant

 

Frøysagarden

 

Tingvoll Sider på Strupstad Gard
(Sølv og bronse i Nordic Cider Awards 2022)

 

Sider AS

 

Skarbø Gard
(Bygdeutviklingsprisen 2022 i Møre og Romsdal, 2 x sølv i Nordic Cider Awards 2022)


Messedeltakinga er eit stort prosjekt eigd av Landbruks- og matdepartementet, mens den nasjonale prosjektleiinga ligg hjå Innovasjon Norge. Målet er å bygge Noreg som ein sterk mat- og reiselivsnasjon. Arbeidet styrker omdømet til norsk landbruk og norsk mat og drikke, mens deltakarane får sjansen til å samarbeide på tvers av verksemd og region. Nye nettverk stimulerer til nyskaping – dette er en klassisk vinn-vinn-konstellasjon.

Arrangørane for Internationale Grüne Woche reknar med om lag 1900 utstillarar frå 72 land og ca. 400 000 besøkjane.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.