Mange kokkar på Grüne Woche

På Fjordregionen sin stand vil det bli servert delikate smaksprøvar basert på vestlandske råvarer. Foto: Annabell Pfluger

…og mykje søl? På ingen måte, tvert imot. Åtte kokkar idemyldra og snekra ein nyskapande meny av vestnorske råvarer for besøkjande på messa Grüne Woche (IGW) i Berlin.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.11.2022

I januar 2023 vert det arrangert den store, tradisjonsrike messa Internationale Grüne Woche i Berlin. Region Fjord med 20 unike verksemder frå Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland skulle allereie i 2022 representert Noreg på denne messa, men også dette arrangement måtte korona-stoppast.  

Men no ser det lyst ut. Ein regntung oktoberdag i Bergen vart det kokkefaglege teamet samla for å utvikle idear for smaksopplevingar på standen vår. Dei hadde ei lang produktliste å velje imellom. Etter nokre timar på kjøkkenet hjå Spesialgrossisten Troye vart det sett fram tydelege signaturrettar som heilt sikkert vil falle i smak i Berlin. 

I tillegg til dei gode matsmakane, vil ulike sidere frå vår region og dei positive folka på standen forsterke inntrykket av at region Fjord er “ein plass i verda du må ha besøkt før du døyr”. Nytt i 2023 er at vi riggar til eit eige område for korte mat- og siderkurs på standen.   

Dei matfaglege ansvarlege i Berlin er Øyvind Vestrheim frå Spesialgrossisten Troye (3.f.h.) og Sebastian Schläwicke, Smaken av Ryfylke (1.f.v.).

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.