Freistande smakar frå fjordregionen på verdas største matmesse

Hilde og Joar Hauge frå Ryfylke gardsysteri er blant deltakarane frå Rogaland.

20 utvalde lokalmatverksemder frå heile Vestlandet reiser januar 2022 til messa Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.10.2021

I det vestlandske fjordlandskapet vert det produsert mat-og reiselivsopplevingar i verdsklasse. 

Kvifor reise til Berlin?

Noregs deltaking på IGW skal bidra til å utvikla Noreg som mat- og reiselivsnasjon med tydeleg lokal og regional identitet. Landbruks- og  matdepartementet si satsing på denne messa skal stimulera til næringsutvikling, samarbeid, nettverksbygging og innovasjon på tvers av regionale- og næringsmessige grenser.

For deltakarane er dagane i Berlin ei unik moglegheit for å bli kjende med andre gardsmat- og reiselivsaktørar. Ikkje usannsynleg at nye produkt og avtaler har sitt opphav frå hektiske arbeidsdagar på messestanden i Berlin. Det er desse matopplevingar og reiselivstilbod som er den minneverdige essensen i besøksopplevingane turistar får med seg når dei kjem til Noreg.

Mangfald av råvarer

Det blir råvarar og foredla produkt frå kjøt, fisk, sjømat, ost og urter som ingrediensar i rettane som skal bli servert i Berlin. Sider og eplemost av høg kvalitet vert med og vil ha ein tydeleg plass i marknadsføringa av regionen. I ein «Tasting-Lab» vil vi invitere sommelierer, matskribentar, presse og tyske importørar til å teste ulike sidare til lokale produkt som tilsaman blir “Smaken av Fjord Noreg”.


Kven står bak?

IGW-deltakinga er eit samarbeid mellom Statsforvaltarane i Rogaland, Møre og Romsdal og Vestland. Prosjektet har fått støtte av Innovasjon Norge, fylkeskommunane og Statsforvaltarane i nemnde fylke. Deltakande verksemder stiller med mykje eigeninnsats.
Matarena AS gjennomfører det praktiske arbeidet som innleigd prosjektleiar.

Desse er med på standen til "Fjord Noreg"

Rogaland

Apal Sideri

Lysefjorden Sjokolade

OmCider

Ryfylke Gardsysteri

Ystepikene

Matfagleg ansvarleg, Sebastian Schläwicke,  Smaken av Ryfylke 

Vestland

Edel Sider/Åkre Gard

Fjellestad Gardskjøken

Fretheim Hotell v/ kokk Bjarte Finne

Gardsbrenneriet

Hardangerbonden

Myrdal Gård

Slettevollen Gardsysteri

Kandal Kjøt

Sølvane Gard

Varegga Mat fra Bergen

Matfagleg ansvarleg, Øyvind Vestrheim, Spesialgrossisten Troye

Møre og Romsdal

Eggen Restaurant

Frøysagarden 

Tingvollost

Sider AS

Skarbø Gard


Kontaktpersonar hjå Statsforvaltaren

Aud Lindset Drågen - Statsforvaltaren i Møre og Romsdal,
fmmrald@statsforvalteren.no / 90 86 54 59

Annabell Pfluger – Statsforvaltaren i Rogaland,
fmroapf@statsforvalteren.no / 97 61 38 07

Marit Hjortung – Statsforvaltaren i Vestland,
fmsfmhj@statsforvalteren.no / 90 61 95 92

Prosjektleiar Dirk Kohlmann - Statsforvaltaren i Vestland,
fmhodkt@statsforvalteren.no / 41 29 65 50

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.