Freistande smakar frå fjordregionen på verdas største matmesse
                20 utvalde lokalmatverksemder frå heile Vestlandet reiser januar 2022 til messa Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I det vestlandske fjordlandskapet vert det produsert mat-og reiselivsopplevingar i verdsklasse.
Kvifor reise til Berlin?
Noregs deltaking på IGW skal bidra til å utvikla Noreg som mat- og reiselivsnasjon med tydeleg lokal og regional identitet. Landbruks- og matdepartementet si satsing på denne messa skal stimulera til næringsutvikling, samarbeid, nettverksbygging og innovasjon på tvers av regionale- og næringsmessige grenser.
For deltakarane er dagane i Berlin ei unik moglegheit for å bli kjende med andre gardsmat- og reiselivsaktørar. Ikkje usannsynleg at nye produkt og avtaler har sitt opphav frå hektiske arbeidsdagar på messestanden i Berlin. Det er desse matopplevingar og reiselivstilbod som er den minneverdige essensen i besøksopplevingane turistar får med seg når dei kjem til Noreg.
Mangfald av råvarer
Det blir råvarar og foredla produkt frå kjøt, fisk, sjømat, ost og urter som ingrediensar i rettane som skal bli servert i Berlin. Sider og eplemost av høg kvalitet vert med og vil ha ein tydeleg plass i marknadsføringa av regionen. I ein «Tasting-Lab» vil vi invitere sommelierer, matskribentar, presse og tyske importørar til å teste ulike sidare til lokale produkt som tilsaman blir “Smaken av Fjord Noreg”.
Kven står bak?
IGW-deltakinga er eit samarbeid mellom Statsforvaltarane i Rogaland, Møre og Romsdal og Vestland. Prosjektet har fått støtte av Innovasjon Norge, fylkeskommunane og Statsforvaltarane i nemnde fylke. Deltakande verksemder stiller med mykje eigeninnsats.
Matarena AS gjennomfører det praktiske arbeidet som innleigd prosjektleiar.
Desse er med på standen til "Fjord Noreg"
Rogaland
| 
 Apal Sideri  | 
| 
 Lysefjorden Sjokolade  | 
| 
 OmCider  | 
| 
 Ryfylke Gardsysteri  | 
| 
 Ystepikene  | 
| 
 Matfagleg ansvarleg, Sebastian Schläwicke, Smaken av Ryfylke  | 
Vestland
| 
 Edel Sider/Åkre Gard  | 
| 
 Fjellestad Gardskjøken  | 
| 
 Fretheim Hotell v/ kokk Bjarte Finne  | 
| 
 Gardsbrenneriet  | 
| 
 Hardangerbonden  | 
| 
 Myrdal Gård  | 
| 
 Slettevollen Gardsysteri  | 
| 
 Kandal Kjøt  | 
| 
 Sølvane Gard  | 
| 
 Varegga Mat fra Bergen  | 
| 
 Matfagleg ansvarleg, Øyvind Vestrheim, Spesialgrossisten Troye  | 
Møre og Romsdal
| 
 Eggen Restaurant  | 
| 
 Frøysagarden  | 
| 
 Tingvollost  | 
| 
 Sider AS  | 
| 
 Skarbø Gard  | 
Kontaktpersonar hjå Statsforvaltaren
Aud Lindset Drågen - Statsforvaltaren i Møre og Romsdal,
fmmrald@statsforvalteren.no / 90 86 54 59
Annabell Pfluger – Statsforvaltaren i Rogaland,
fmroapf@statsforvalteren.no / 97 61 38 07
Marit Hjortung – Statsforvaltaren i Vestland,
fmsfmhj@statsforvalteren.no / 90 61 95 92
Prosjektleiar Dirk Kohlmann - Statsforvaltaren i Vestland,
fmhodkt@statsforvalteren.no / 41 29 65 50