Fire produsentar frå Rogaland deltek i Oste-VM!

Denne helga går Oste-VM i Bergen føre seg. Fleire hundre ostedommarar skal velje verdas beste ost blant 3 472 ostar frå 41 land.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.11.2018

Meisterskapen blir arrangert for 31. gang, men det er første gong den er i Noreg og interessa er større enn nokon gong. Frå Noreg deltek 175 ostar frå 58 ysteri i konkurransen.

De fire produsentar frå Rogaland er:

  • Bo Jensen Dairy
  • Hogganvik landsby
  • Stavanger ysteri
  • Voll Ysteri

Alle ostar er laga på upasteurisert mjølk frå eigen gard eller i tett samarbeid med mjølkeprodusenten. Hogganvik landsby i Vikedal og Stavanger Ysteri er økologisk godkjent, Voll ysteri i Klepp kommune var ein av de første i landet som brukte upasteurisert mjølk, Bo Jensen på Undheim ystar på geitmjølk.

Fekk du lyst til å reise?

Messa i Grieghallen er open for publikum frå fredag 2.november frå kl. 10:30-18:00!
Finalen er frå 16:30-18:00, og festen fortsett laurdag 3.nov frå 10:00-17:00. Bondens marked blir arrangert på utsida av Grieghallen.
For meir informasjon klikk deg inn på nettsida til Oste-VM.

 World Cheese Award, eigd av stiftelsen Guild of Fine Food, er ein av verdas største ostekonkurransar. I 2016 vant Tingvollost sin Kraftkar, og sidan dette har Hanen og Norsk Gardsost arbeidet med å arrangere World Cheese award i Bergen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.