44 bønder har selt mjølkekvote i Rogaland

Det er 26 prosent fleire enn i fjor, men salsvolumet utgjer berre 1,6 prosent av totalkvota i fylket.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.11.2018

Av dei 4,9 millionar liter grunnkvote som blir selt, drar staten inn 981 000 liter. Resten på 3,9 millionar liter skifter eigar. Ettersom Rogaland er ein eigen produksjonsregion, blir mjølkekvotene verande i fylket.

Fleire sal enn i 2017

I 2017 selde 35 bønder 4,1millionar liter grunnkvote. Målt i mjølkemengde er det ein auke i salet på 20 prosent sidan i fjor. Vår tolking er at ein større del småkvoter blir selt.

Statistikk frå Landbruksdirektoratet viser at det er selt flest mjølkekvote i Trøndelag og Rogaland, mens det blir selt færrast i Troms og Telemark.

Fakta

Rogaland har totalt 1181 mjølkebruk (kumjølk) og dei produserer om lag 292 millionar liter mjølk. 85 prosent av gardsbruka leverer til TINE, resterande 15 prosent leverer til Q-meieriet.


 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.