2021 var eit kjempeår for gründerar i Ytre Ryfylke

Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke tilbyr gratis råd og hjelp for nyetablerarar i Strand, gamle Forsand og Hjelmeland. I 2021 var det 177 førespurnader til Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke. Dette er 34 % meir enn året før og det meste det nokon gong har vore. Gründerånda er stor i Ytre Ryfylke.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.03.2022

Kven er gründerane?

Om lag halvparten av dei som tok kontakt var heilt nye gründerar som hadde tankar om å starte eiga verksemd. 10 % frå Forsand, 29 % frå Hjelmeland og 46 % frå Strand. I tillegg har det vore 15 % frå andre kommunar. Dette gjeld særleg spørsmål om frukt og bær. 44 % av gründerane hadde landbrukstilknytning. Dei fleste spør om frukt, reiseliv og matforedling, men det er alle slags spørsmål og bransjar det er førespurnader om. I 2021 var det 40 % kvinner, noko som er litt høgare enn året før, men det plar ligge omtrent der.

Dei som er arbeidsledige kan søke om å behalde dagpengane under etablering av ny verksemd. Då treng dei ei næringsfagleg vurdering. I 2021 var det berre 7 arbeidsledige som fekk skrivne slike næringsfaglege vurderingar, mot 11 året før. Det er flest menn som tek kontakt. 

Møte, kurs og samlingar for gründerar

I 2021 vart det arrangert 10 møte, kurs og samlingar. Det var webinar om reiseliv og lokalmat, gardvarmeanlegg, samt nokre fysiske inspirasjonssamlingar for nyetablerarar og reiseliv. Slike samlingar resulterer i mellom anna inspirasjon og nettverksbygging. Om lag 500 personar var med på desse arrangementa i løpet av 2021.

Pengar til Ytre Ryfylke

Frå Innovasjon Norge vart det i 2021 løyvd 108 millionar kroner i lån og tilskot til prosjekt i Ytre Ryfylke. Dette er det meste som nokon gong i dette området. 89 millionar kroner blei gitt i lån til 3 verksemder og 19 millionar i tilskot til 28 føretak (tabell 1).

Den prosentvise fordelinga mellom kommunane er 10 % til Hjelmeland, 89 % til Strand og 1 % til Sandnes (Forsand). I 2020 var fordelinga 37 % til Hjelmeland, 35 % til Sandnes (Forsand) og 28 % til Strand.

Tabell 1: Midlar frå Innovasjon Norge til Ytre Ryfylke fordelt på type næring.

Alle tal i 1000 kr

2020

2021

Frukt

1870

5170

Tilleggsnæringar

2800

385

Tradisjonelt landbruk

650

3675

Omstilling frå pelsdyr

0

3945

Koronatiltak

 

2655

Lån

5000

89512

Andre tilskot

4170

3300

Sum

14490

108642

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.