Utvalde kulturlandskap i Rogaland

Utvalde kulturlandskap (UKL) har som mål å ta vare på særs verdfulle kulturlandskap. Her blir aktivt landbruk kombinert med tiltak som tek vare på biologisk mangfald, landskap, kulturhistorie, kulturminne og kulturmiljø. Rogaland sine to utvalde område ligg i Rennesøy kommune og i Suldal kommune.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 16.12.2021

Utsira kommune valt som Utvalt kulturlandskap – gratulerer!

Øylandskapet i havgapet der vest har fått nasjonal merksemd. Den nasjonale satsinga på Utvalde Kulturlandskap (UKL) skal ta vare på særs verdifulle kulturlandskap. Utsira er eit av fem nye UKL-område i Norge og det tredje i Rogaland.


Publisert 02.07.2021

Får Rogaland nye område som Nasjonalt Utvalde kulturlandslandskap?

Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren skal på oppdrag frå Landbruks‐ og matdepartementet og Klima‐ og miljødepartementet tilrå nye område til Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) i løpet av hausten 2021. Holmane Kvitsøy og Utsira er nye kandidatar frå Rogaland.


Publisert 07.08.2019

10 års jubileum for Utvalde kulturlandskap i jordbruket

10 år er gått sidan kronprins Håkon opna satsinga på Utvalde kulturlandskap i jordbruket i Hedmark. Den nasjonale markeringa av jubileet er lagt til Rennesøy den 20. august 2019.


Publisert 19.02.2019

Restaurering av gamle ferdselsvegar på Mokleiv – eit utvald kulturlandskap

Hausten 2018 blei første del av den gamle ferdselsvegen på Mokleiv restaurert. Arbeidet er gjort i særs bratt terreng, og det er lagt ned stor innsats i fjellsikring av lause parti.


Publisert 09.07.2018

Nytt utvald kulturlandskap i Suldal

Området Hamrabø, Mokleiv og Klungtveit er no blitt eit utvald kulturlandskap av stor nasjonal verdi. Her finn vi eit velstelt beitelandskap med vakre historiske bygningar, bakkemurar og styvingstre.