Stor interesse for å fjerna piggtråd

Mykje piggtråd vil forsvinne frå beitene i Rogaland i 2021.
Mykje piggtråd vil forsvinne frå beitene i Rogaland i 2021. Foto: Janne Breivik.

Tala frå saksbehandlingssystemet, Agros, viser ei stor interesse hjå bønder som ynskjer å fjerna piggtråd i 2021. Dette er førebelse tal for motteke søknadar, men ordninga held fram til 31.12.2021. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.05.2021

I februar 2021 starta prosjektet «Piggfrie gardsbruk» som skal motivera gardbrukarane til å fjerna gamal og ståande piggtråd. Bakgrunnen for prosjektet munnar i dyrevelferdslova frå 01.01.2010 § 15, då det blei forbode å nytte piggtråd til gjerde for å regulera dyrs ferdsel. Gardbrukaren kan no søkje tilskot gjennom SMIL-ordninga for jobben med å fjerna piggtråd. Meir om prosjektet kan du lese her.

Det har snart gått 3 månadar sidan annonsering av prosjektet og me kan sjå at interessa for å søkje tilskot for fjerning av piggtråd er stor. Totalt har kommunane motteke 71 søknader. Stavanger kommune har motteke flest søknadar med 17 søknadar, etterfølgt av Tysvær og Sandnes med 14 og 10 søknadar. Ordninga med gjeldande satsar gjeld fram til 31.12.2021, og endelege tal søknadar vil bli rapportert etter nyttår.

Kommune Tal søknadar
Sokndal 1
Lund 1
Eigersund 2
Stavanger 17
Haugesund 1
Sandnes 10
Bjerkreim 3
4
Klepp 2
Time 2
Gjesdal 3
Hjelmeland 2
Suldal 3
Tysvær 14
Karmøy 2
Vindafjord 4
Sum 71

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.