Treng du ny gjerdeklyvar eller hundeport? Slik går du fram

Framleis har dei fleste kommunane gratis gjerdeklyvarar på lager etter den gamle tilskotsordninga. Ta kontakt med kommunen viss du treng ein på di driftseining.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.07.2020

Gjerdeklyvarane blir finansiert med SMIL-midlar. Nytt frå 2020 er at kvar bonde sjølv søkjer i Altinn og får svar der. Du hentar deretter gjerdeklyveren eller hundeporten hjå produsenten Sandnes Pro-Service eller Gnisten Arbeids- og Aktivitetssenter i Vindafjord og betalar dei. Når kommunen har fått kopi av kvitteringa kan dei utbetale tilskotet. 

Prisane for 2020 er: 

  • Gjerdeklyvar inkl. slagord innfrest i øvste trinn på kvar side, kr 1120,- eks. mva.
  • Hundeport i galvanisert stål kr 740,- eks.mva.
  • Hundeport i vassfast kryssfiner kr 624,- eks.mva.

Dersom ein samlar seg i eit felles lag (t.d. grendalag, bondelag eller ein annan organisasjon), kan ein få dekka 100 prosent av kostnadane. Ein må då krysse av i Altinn at ein søkjer som eit lag. Enkeltpersonar kan berre få dekka inntil 70 prosent av kostnadsgrunnlaget gjennom SMIL-midlane. Arbeidstida som går til henting og oppsett av gjerdeklyvarane kan inngå i kostnadsgrunnlaget. Du må vere tilknytt ein landbrukseigedom for å kunne få SMIL-midlar.  

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.