SMIL i året 2023

I år har bøndene i Rogaland fått tildelt eit rekordbeløp av SMIL-midlar på heile 15 430 182 kr!

Spesielle miljøtiltak i landbruket, kanskje betre kjent som SMIL er eit tilskot for aktive bønder. Med det føremål om å støtte frivillige miljøtiltak på gardsnivå.

Publisert 19.12.2023

SMIL-midlane blir fordelt til kommunane, som sjølv tar ein besluting på kven og kva pengane skal brukas til ut i frå ein lokal SMIL-strategi. SMIL-midlane blir fortelt til kommunane etter innmeldt budsjett, lokale miljøutfordringar, dei lokale SMIL-strategiane, tidligare bruk av SMIL-midlar, grad av målsetjing og kommunens eigen kapasitet til å handsamne søknadar. 

Ubrukte midlar vil bli omfordelt til kommunar med ekstra behov i oktober/november. Dette er for at fleire bønder skal få mogleheit til å få gjennomført tiltak der det er søkjarar. 

Ein av satsingane i år var å forbedre vannmiljø for dei kommunane som har problemer med dette.

I kommunar med vannproblemer er 68% av SMIL-midlane brukt til tiltak knytta til forureining i vann. Det er nesten det dobbelte av målet, som var på 35%.  

Kommunane Hå, Randaberg og Stavanger har gjort ein spesielt god innsats på vannmiljø. 

Dessverre kom me ikkje i hamn med målet om 30% til tiltak for biologisk mangfold, då me endte opp med 22% av tilskot til slike tiltak. 

I år har det gått mykje tilskot til kulturminner slik som både verneverdige byggningar og steingardar. 

Det har vore ein enorm innsats av både søkarar og kommunane for at me nå har brukt så mykje penger på miljøtiltak i landbruket. Me håpar på å setja enda ein ny rekord i året som kjem. 

Hugs at for å få tilskot må du søkje før du startar på tiltaket, så viss du sitt med planar for nesteår er det ikkje dumt å tenkje på søknad allereie no. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.