Opent møte om Hålandsvatnet

Hålandsvatnet.
NIBIO og NORCE har sett på kjelder for tilføring av næringsstoff til Hålandsvatnet. Foto: Monica Dahlmo / Statsforvaltaren i Rogaland.

Statsforvaltaren i Rogaland inviterer til opent møte om Hålandsvatnet 2. juni kl 17.30 – 19.00. På møtet presenterer forskarar frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Norwegian Research Centre (NORCE) ein ny rapport om tilførsler av næringsstoff og behov for avslasting.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.05.2022

Rapporten er laga på bestilling frå Miljødirektoratet, og blir eit viktig utgangspunkt for vidare arbeid med å betre vasskvaliteten i Hålandsvatnet. Representantar frå Miljødirektoratet, Randaberg kommune og Stavanger kommune, samt Statsforvaltaren i Rogaland, vil vere til stades under møtet.

Etter presentasjonen av rapporten, vil det vere opent for spørsmål og kommentarar. Statsforvaltaren inviterer alle med interesse i Hålandsvatnet til å delta på møtet. Velkommen!

Tid og stad

Torsdag 2. juni kl 17.30–19.00 på Varen kulturscene, Torvmyrveien 22, Randaberg. Ingen påmelding. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.