Resirkulering av gjødselvatn i veksthus - investeringskostnader og lønsemd

Kor mykje kostar det å få på plass resirkulering av gjødselvatn i eit gartneri? Og når sparar gartnaren så mykje gjødsel at eit slikt anlegg blir lønsomt? Dette har NIBIO undersøkt, og rapporten er klar. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.11.2020

Investeringskostnadane vil naturleg nok variera mykje frå gartneri til gartneri. Alder og utforming på bygningsmassen vil spela ei stor rolle for kor dyrt det blir å få på plass oppsamling og resirkulering av gjødselvatnet. NIBIO har henta inn kostnadstal frå gartneri rundt om i landet som nettopp har innstallert, eller som er i gong med å innstallere, resirkuleringsanlegg. Det er òg henta inn tal frå leverandørar av utstyr. 

Når løner det seg med resirkuleringsanlegg?

Resirkuleringsanlegg er dyre, men for større gartneri vil det vera betydelege sparte gjødselkostnader. I mindre gartneri vil resirkuleringsanlegg aldri bli lønsomt. I Rogaland er det mogleg å få støtte til resirkuleringsanlegg både frå Innovasjon Noreg og frå SMIL midla. Sjølv med slik støtte vil ein i heilårsproduksjon av tomat måtte opp i rundt 10 daa før ein sparer så mykje gjødsel at det løner seg å resirkulera gjødsla, i følge NIBIO sin rapport.  

Men sjølv om det ikkje vil vera økonomisk lønsomt, vil mange gartneri dei neste åra måtte investera i resirkuleringsanlegg - eventuelt finna andre måtar å stoppa avrenninga av overskotsgjødsla. I mindre gartneri kan andre tiltak vera meir aktuelle, til dømes oppsamling av overskotsgjødsla til bruk på friland. Tiltak mot avrenning av gjødselvatn frå veksthus er viktig for å hindra forureining av vassdrag og sjø i nærleiken.  

 

Rapporten frå NIBIO er utarbeid som ein del av prosjektet "Redusert avrenning frå veksthus", som Fylkesmannen i Rogaland, Fylkesmannen i Vestfofold og Telemark, gartnarlaga i dei to fylka og NLR Viken samarbeidar om. 
Du kan lesa meir om prosjektet her

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.