11 grøne millionar til miljøtiltak for Rogalandbruket 2021

Lam på beite i Årdal i Hjelmeland.
Lam på beite i Årdal i Hjelmeland. Foto: Dagfinn Svadberg Hatløy.

Kommunane i Rogaland har løyvd 11 millionar kroner til Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) i 2021, fordelt på 256 søknader. Desse midlane har gått til tiltak for kulturlandskap, biologisk mangfald, kulturminne, friluftsliv, fjerning av piggtråd og reduksjon av ureining i luft og vatn.

Publisert 09.12.2021

Føremålet med SMIL er å fremma natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap, og redusere forureining frå jordbruket. Midlane går til landbrukseigedomar der areala er i vanleg jordbruksproduksjon. Statsforvalteren fordeler midlane mellom kommunane, og kommunane prioriterer og behandlar søknadar i tråd med kommunen sin SMIL-strategi.

32 prosent tiltak mot forureining  

Målet i Rogaland i 2021 var på 35 prosent til ureiningstiltak. Kommunane med mykje husdyr på Jæren og Haugalandet har avrenning til vassdrag frå landbruket. Døme på vanlege tiltak er erosjonssikring langs vassdrag, etablering og vedlikehald av fangdammar, og hydrotekniske tiltak. Ryfylke og Dalane har god vasstilstand og her blei SMIL nytta til andre tiltak.

Biologisk mangfald og kulturlandskap 

17 prosent av midlene har gått til tiltak for biologisk mangfald. Restaurering av kystlynghei er prioritert i heile Rogaland. Eldsjelar i nord- og sør-Rogaland organiserer og bidreg med kunnskap og breitt engasjement for å ivareta kystlynghei over heile fylket. Snaut 1,2 mill kroner er gitt i støtte til skjøtsel av kystlynghei, mest til Stavanger (Rennesøy) og Karmøy kommunar.

29 prosent av midlane har gått til tiltak i kulturlandskapet. Fjerning av piggtrådgjerde har vore høgt prioritert. Dette er eit viktig tiltak av omsyn til både dyrevelferd, beitedyr, hund, vilt og ålmenn ferdsel.

Kulturminne

19 prosent av støtta i 2021 har gått til sikring og vedlikehald av kulturminne, i hovudsak bygningar og noko til steingardar. Omlag 1 million kroner gjekk til vernverdige bygningar og 800 000 kroner til steingardar.

Friluftsliv 

SMIL-løyvingar til etablering, vedlikehald av turstiar, oppsett av gjerdeklyvarar og utsiktsrydding er eit viktig samfunnstiltak.

 

Fordeling av SMIL-midlar til ulike tiltak i 2021. Verdiane er oppgitt i kroner.
Fordeling av SMIL-midlar til ulike tiltak i 2021. Verdiane er oppgitt i kroner.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner