Vekstbedriftene i gjerdeklyvarfylket

Turgåarar kan takke vekstbedriftene for at dei enkelt kan komme seg over eit gjerde eller ein steingard utan å slå seg, eller få rifter i kleda. Sidan 1993 har vekstbedrifter i Rogaland produsert minst 5 000 gjerdeklyvarar for landbruket. No, i friluftslivets år, fortener dei merksemd for den mangeårige innsatsen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.10.2015

Kva er ei vekstbedrift?

Ei vekstbedrift har som føremål å gi folk med ulike behov høve til å komme i arbeid. Her får personar som har vanskar med å få arbeid i det ordinære arbeidslivet, tilbod om tilrettelagd, lønna arbeid utan tidsavgrensing.

Samarbeidet mellom Fylkesmannen og vekstbedriftene

Utplasseringa av offentleg støtta gjerdeklyvarar i landbruket starta for 25 år sidan, i 1990. I 1993 inngjekk Fylkesmannen avtale med Frøyland Sag i Skjold i Vindafjord om produksjon av gjerdeklyvarar i Nord-Rogaland. Ein liknande avtale blei i 1999 oppretta med Jæren Industripartner si vekstbedrift på Nærbø. Desse avtalane har dei seinare åra blitt vidareført av vekstbedriftene Sandnes Pro-Service i Sør-Rogaland, og av Vindafjord Aktivitetshus i Nord-Rogaland. Finansieringa av gjerdeklyvarar i Rogaland har sidan 2004 gått gjennom SMIL-ordninga (tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket).

Søknader om gjerdeklyvarar blir sende kommunen. Landbruksforvaltninga i kommunane gir si vurdering, og sender søknaden vidare til Fylkesmannen for endeleg behandling. Fylkesmannen sender kopi av vedtak om tilskot til gjerdeklyvarar rett til Sandnes Pro-Service eller Vindafjord Aktivitetshus. Søkjarane må så hente gjerdeklyvaren innan tre månadar hjå ei av vekstbedriftene.

Vindafjord Aktivitetshus blei starta opp i 1992

Vindafjord Aktivitetshus held til i mellombelse lokale i Ølen fram til nytt bygg i Sandeid står klart. Aktivitetshuset er kommunalt drifta, og gir tilbod om tilrettelagt arbeid eller aktivitet til personar med psykisk utviklings- og/eller fysisk funksjonshemming.

Tilbodet er individuelt tilrettelagt. Målet er å gi dei som ikkje kan gå inn eit ordinært arbeid, eit meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre. Oppgåvene er tilpassa deira eigne behov og ressursar, samstundes som kvar enkelt kan få utvikla seg.

Aktivitetshuset består av to avdelingar:

  • ei avdeling der sosialt fellesskap og aktivitet er viktig, og
  • ei verkstadavdeling som driv ulik produksjon innan tre og tekstil.

Ei av verkstadavdelingane sine hovudoppgåver er produksjon av gjerdeklyvarar. På oppdrag frå Fylkesmannen kan dei lage opp mot 110 gjerdeklyvarar årleg.

Verkstadavdelinga står òg for produksjon av pallar, merkestikker til turløypa og ulike skilt. Dei sager ved, kuttar tennved, lagar dokkevogner og bakebrett. Tennbrikettar er deira siste nye produkt. Tomme dorullar blir stappa med makuleringspapir som så blir dyppa i stearin. Alle delane til denne produksjonen, inkludert eskene dei pakkar tennbrikettane i, er baserte på gjenbruk.

Produksjon av gjerdeklyvarar.

Sandnes Pro-Service

Sandnes Pro-Service på Hana i Sandnes har sidan 1970 vore ei vekstbedrift for folk med nedsett arbeidsevne. Ho er godkjend som leverandør av ulike arbeidsmarknadstiltak for NAV, og har ansvar for oppfølging av nærare 300 medarbeidarar i ulike tiltak. Dei tilsette har ein tilnærma normal arbeidsplass. Så langt som råd er målet at dei tilsette har minimum ei halv stilling lønna av NAV og heimkommunen.

Treavdelinga TREBRA

Jon Marton Haugland er avdelingsleiar for treavdelinga. Avdelinga blei oppretta av Rogaland fylkeskommune på 1980-tallet, og blei lagt inn under Sandnes Pro-Service i 1990. Blant deira produkt finn du sponballar, gjerdeklyvarar, hagemøblar, rastebenkar, leikehytter, blomsterkassar og utebuer.

Avdelinga hadde åtte tilrettelagde stillingar då dei starta opp i 1980. I dag har dei 25 faste arbeidsplassar. Kvar tilsett har faste oppgåver. Dette er med på å sikre god kvalitet på produkta, samstundes som dei tilsette er trygge på arbeidsoppgåvene sine. Avdelinga reknar med å omsetje for rundt to millionar kroner i 2015.

Jon Marton Haugland kan sjå tilbake på 20 år i ein meiningsfull jobb. Å leggje til rette for at dei som ikkje hadde fått jobb andre stader, og samstundes oppleva at arbeidstakarar får dekt både arbeids- og sosiale behov, har vore ein god motivasjon desse 20 åra.

Margrethe Grude og Inge Mjånes har arbeidd på treavdelinga i Sandnes Pro-Service i høvesvis fem og femten år. Dei opplever arbeidsplassen som ein trygg, stabil og inkluderande stad, der dei har meiningsfulle oppgåver i eit godt sosialt fellesskap. Dei er  stolte over at dei meistrar oppgåvene, kvaliteten på produkta og at dei har eit lønna arbeid.

Margrethe Grude og Inge Mjånes monterer ein gjerdeklyvar.

Avtalane med vekstbedriftene er med på å sysselsetta personar som kunne ha møtt motbør på ein ordinær arbeidsplass. Gjerdeklyvarane deira er av beste kvalitet. Erfaringane frå bøndene er at gjerdeklyvarane tåler mykje og langvarig trafikk, samstundes som dei kan stå utsette for vêr og vind i mange år. Så langt i 2015 er det bestilt totalt 204 gjerdeklyvarar hjå vekstbedriftene. Avtalane har i første rekkje bidratt til at aktive bønder har gjort utmarka meir tilgjengeleg for turgåarar.

Fylkesmannen er godt nøgd med samarbeidet med vekstbedriftene Sandnes Pro-Service og Vindafjord Aktivitetshus.

2015 er friluftslivets år. Dette er andre artikkel i Fylkesmannen sin serie om gjerdeklyvarar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.