Forbod mot bruk av plantevernmiddel nær vatn

Ny forskrift om plantevernmidler tredde i kraft 1. juni. No er det ikkje lengre tillate å sprøyte nærare vatn enn 3 meter. Føretak som ønskjer å få bukt med problemugras i kantsoner og åkerholmar må søkje kommunen dersom dei vil nytte plantevernmiddel. I tillegg er krava til journalføring blitt meir omfattande.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.07.2015

Regelverket for bruk av plantevernmiddel har, med ny forskrift, blitt strengare. Ei av dei største endringane er at alle må vurdere andre metodar enn bruk av plantevernmiddel dersom dei får problem med ugras, sopp eller skadedyr o.l. Prinsippa for integrert plantevern skal liggje i botn for jordbruksproduksjonen. For meir informasjon, les her.

Sprøyting i kantsoner
Sprøyting i kantsoner og åkerholmar er i utgangspunktet ikkje lov. Kommunen kan etter søknad (sjå skjema i høgre marg) tillate sprøyting av problemugras. Kommunen kan ikkje lengre tillate sprøyting i nærleiken av ope vatn. Her er det totalforbod i den nye forskrifta, så framt etiketten på plantevernmiddelet ikkje viser noko anna. Kravet til avstand er 50 meter frå basseng for drikkevatn, og 3 meter frå overflatevatn. Alle som nyttar plantevernmiddel har plikt til å minske risikoen for forureining av vatn. Dei må vere medvetne på kvar dei sprøyter og under sjølve sprøytinga.

Krav til journalføring
Tidlegare var det tilstrekkeleg å føre journal over faktisk bruk av plantevernmiddel. Føretaka skal framleis føre slik oversikt. I tillegg må dei føre journal som viser at dei har vurdert og kjenner til prinsippa for integrert plantevern, og kva tiltak som er gjort for å unngå forureining av vatn.

Opplisting av journalkrav:
1. Sprøytejournal/register jf. artikkel 67 i forordning (EU) nr. 1107/2009
2. Journal om vern av vannmiljø jf. § 20 i forskrift 6. mai 2015 nr. 455 om plantevernmidler
3. Journal om integrert plantevern jf. § 26 i forskrift 6. mai 2015 nr. 455 om plantevernmidler

Krav etter reglane for produksjonstilskot
For å få fullt produksjonstilskot, må føretaka ha sprøytejournal jamfør pkt. 1. Dette svarer til tidlegare krav i miljøplanen. Dersom journalen manglar, er normen at totalt areal- og kulturlandskapstilskot skal avkortast med 20 %. Det er kommunen som må vurdere reaksjonen med omsyn til avkorting i produksjonstilskotet.

Krav i regionalt miljøtilskot, RMP
For å få tilskot frå regionalt miljøprogram, må føretaka ha journal jamfør pkt. 1, 2 og 3.

Endringar for veksthusbransjen
Når det blir brukt spesialpreparat for veksthus, skal planterester, jordblandingar og vekstmedium o.l som blir fjerna frå veksthuset, lagrast i minst eitt år på tett underlag. Avfallet skal vere skjerma frå nedbør på ein slik måte at det ikkje gir tap av restar frå plantevernmiddel til nærmiljøet. Kravet er nytt, og vil tre i kraft frå 1. januar 2016. Innskjerpinga i regelverket vil truleg medføre at fleire veksthus anten må støype plattingar, eller levere avfallet til godkjende mottak.

Aktuelle skjema

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.