Aksjon Vats-vassdrag

Bønder tek aktivt grep for å betre vasskvaliteten i Vatsvatnet og Landavatnet i Vindafjord kommune.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.02.2012

 

Vatsvatnet og Landavatnet har i lengre tid vore sterkt påverka av næringsstoff og organisk materiale. Mykje av nedbørsfeltet er jordbruksjord, og jordbruket står for ein stor del av tilførslen av næringsstoff. Lokale krefter har teke initiativ for å minske avrenninga. Bønder med jordbruksareal i nedbørsfeltet får no tilbod om å skrive miljøavtalar som gir rett på tilskott frå Regionalt miljøprogram.

Miljøavtalane går over tre år, og forpliktar bøndene til å:

  • Etablere gjødslingsfrie randsonar på jordbruksjord som grensar mot vassdrag
  • Ikkje gjødsle grasareal med meir enn 3 kg fosfor per dekar
  • Ikkje bruke mineralgjødsel som inneheld fosfor på jord med P-Al verdi over 10
  • Spreie husdyrgjødsla tidleg i sesongen
  • Gjødsellageret skal vere tomt til 1. august
  • Føre gjødseljournal

Harald Velde er tilsett som prosjektleiar i Vindafjord kommune, og skal følgje opp avtalane. Han håper å få med minst 75 % av jordbruksarealet. I tillegg til miljøavtalane vil bøndene bli oppmoda til å etablere reinseparkar. Landbruksdirektør Hadle Nevøy er glad for tiltaket: ” Me synes det er positivt at det blir teke initiativ lokalt. Ingen er betre rusta til å få til ei endring enn dei som ser problema i eige nærområde.”

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.