Rogaland treng eit krafttak for landbruksinvesteringar

- Mange bønder sit med eit driftsapparat som klart er modent for fornying, skriv Monica Dahlmo som landbruksdirektør i Rogaland. Denne kronikken stod på trykk i Nationen 29. september 2025.
Landbrukspartnarskapen si spørjeundersøking i 2022, viste at heile 20 prosent av bøndene i Rogaland rekna med at dei ikkje ville ha drift på garden i 2037. Lønsemd og tilgang til investeringsmidlar kom fram som dei viktigaste faktorane for framtidig drift. I tillegg veit vi at eit godt driftsapparat er viktig for dyrevelferda. Den mangelen på investeringsmidlar som bøndene i Rogaland no opplev, er difor alvorleg.
Lausdriftskravet nærmar seg – kva gjer vi med investeringsbehovet?
Rogaland har nær 20 prosent av dei grovfôretande dyra i Noreg. I den nasjonale nøkkelen for fordeling av investeringsstøtte til landbruket (IBU), har Rogaland 7,8 prosent av midlane. Ved årsskiftet er det berre 8 år igjen før kravet om lausdrift i storfehaldet, både for mjølkekyr og ammekyr, trer i kraft. Berre på mjølkesida estimerer vi at over 30 gardsbruk i året bør legge om til lausdrift. Kvart år må altså 30 bønder velje å ta ei investering på godt over 10 millionar kroner. Det kan vi ikkje ta som ei sjølvfølge.
Bønder i kø – og i skvis
Vi er difor glade når vi no opplev stor pågang etter investeringsmidlar. Innovasjon Noreg har søknadar i kø. Mjølkeproduksjon i heile fylket er avgjerande for kor godt vi lukkast med å nå dei politiske måla i landbrukspolitikken, og for kor godt vi lukkast med å ta vare på jordbruksareala.
Mjølkeproduksjonen står for om lag 33 prosent av verdiskapinga i jordbruk, skogbruk og landbruksbasert tilleggsnæring, og er heilt sentral i rogalandsjordbruket. Investeringar i mjølkesektoren har difor alltid vore prioritert for investeringsmidlar i Rogaland. Eg har, samen med dei andre i landbrukspartnarskapen, valt å prioritere mjølka først. Det gjer at mange andre bønder har fått nei på sine søknadar om å byggje nytt sauehus eller ammekufjøs.
Mi bekymring er slitasjen det har på dei produksjonane. For bønder i Rogaland er laga av same type kjøt og blod som andre plassar i Noreg. Dei opplev no at yrkesbrør og yrkessøstrer andre stader i landet får ja på dei same type søknadane som dei får nei til i Rogaland.
Tid for investeringar i dyrevelferd og driftsapparat
Rogaland er eit fylke der halvparten av jordbruksarealet ikkje kan pløyast. Mange ser til Jæren med dei flotte jordene. Men Rogaland er også det bratte, dei små teigane, og dei grunnlendte områda. Rekrutteringsutfordringar og attgroing er ikkje framandord i Rogaland. For å oppretthalde produksjonen i heile fylket, treng vi bønder som vil satse, og som klarer å rekne heim investeringar i nytt driftsapparat.
Det er eit stort etterslep på investeringar i både ammeku, saue- og svinenæringa. Til dømes er 37 prosent av ammekubesetningane framleis i båsfjøs. Tilskot til nybygg og oppgradering av bygg til svin har i lang tid ikkje vore prioritert i Rogaland. Men, det er med god effekt blitt gitt eit mindre beløp for omlegging til SPF-gris (spesifikk patogenfriheit, som betyr at grisen er fri for definerte sjukdomsframkallande mikrobar). Vi har vore gjennom tøffe rundar med saker på dyrevelferd, og dyrevelferdstiltak må ha prioritet.
Landbruket må styrkast i alle fylka – ikkje setjast opp mot kvarandre
For meg, født nordlending som eg er, er det viktig at diskusjonen om investeringar i landbruket ikkje endar opp med at fylka blir sett opp mot kvarandre. Noreg er tent med bønder i heile landet, og Noreg er framleis tent med eit sterkt jordbruk i Rogaland. Det vil ikkje svekke bønder i andre fylke om kollegaer i Rogaland klarer å investere. Vi har eit godt fagmiljø og ein sterk landbruksbasert industri som er viktig å oppretthalde.