OmCider sider på Fevoll gard

Bodil Kvame i gardsutsalet OmCider på Fevoll gard
Bodil Kvame i gardsutsalet OmCider på Fevoll gard Foto: Kari Sand / Statsforvaltaren i Rogaland.

Bodil Kvame har sagt opp stillinga i banken og satsar fullt på omstilling av garden frå gras og sau til frukt saman med mannen Andreas.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.04.2021

Fevoll gard er ein ny, moderne og ganske stor fruktgard i Hjelmeland. Andreas og Bodil Kvame starta for 6–7 år sidan med fruktdyrking og har no over 50 dekar med ulike eplesortar og 10 dekar med morellar i tunnel. Alt planta etter den nye plantemetoden, tettplanting med automatisk vatning og gjødsling.

Nytt gardutsal

Dei produserer både eple og morellar til konsum, samt eplemost og sider. Bodil Kvame i OmCider AS opna gardsutsalet i mars i år. Der kan ein få kjøpt både eplemost og eplesider. På sikt kan det kome fleire lokalproduserte produkt, både frå garden og frå andre. To sortar eplemost er å få tak i, ein av Aroma og ein annan av Rubinstep. I tillegg har dei to sortar eplesider.

Sidrar med historiske namn

Huldra eplecider er ein halvtørr eplesider laga av Aroma, Karin Schneider og litt Ellis Bitter. Valagubben eplecider er ein medium søt eplesider som er laga av Summerred, Gravenstein og Rossett. Historiene om Huldra og Valagubben kan du sjølv få høyre om du besøker gardsutsalet.

Bodil har og planar om andre typar sider, som truleg vert klar i år. Førebels blir eplemosten og sideren hovudsakeleg seld på gardsutsalet på Fevoll i Hjelmeland, men du kan også smake den hos mellom anna restauranten Smaken av Ryfylke i Hjelmeland.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.