Nasjonale føringar for investeringsmidlar i 2026

Mjølkekufjøs under bygging i Suldal.
Mjølkekufjøs under bygging i Suldal. Foto: Anfinn Rosnes.

Landbruks- og matdepartementet har i brev av 27. februar 2026 gitt rammer til Innovasjon Norge si forvalting av dei næringsretta verkemidla på landbruks- og bioøkonomiområdet for 2026. Det er godt kjend at det er mange saker i kø for å få investeringsstøtte.

Publisert 10.03.2026

Brevet til Innovasjon Norge (IN) kjem eit stykke inn i året, eit år med stor kø av søknader om støtte til investering. Allereie i september 2025 kunne vi opplyse at berre til mjølkefjøs er det kome inn søknadar til å kunne bruke opp heile den lokale ramma også for 2026. Partnarskapet konkluderte allereie 17. september 2025 korleis vi må prioritere i 2026. Situasjonen er heilt ekstraordinær, sjølv med dei ekstra 100 millionar kroner til nasjonal pott som kom frå salderinga av statsbudsjettet.

Mest til mjølkeprosjekt i 2025

IN presenterte samla bruk av investeringsmidlane i 2025 på møtet i partnarskapet 30. januar 2026. Det blei løyvd heile 186 millionar kroner til 39 mjølkeprosjekt. Samstundes kom det fram at det var 135 ubehandla søknadar pr 29. januar 2026. Vi ser dette som eit teikn på at det er investeringsvilje i næringa, og at mobilisering har effekt. Samtundes gir det ei stor utfordring for dei som skal behandle eit slikt omfang av søknader.

Nasjonal pott på 200 millionar kroner til lausdriftsfjøs

I brevet til IN kjem det fram at samla ramme for den nasjonale potten for å imøtekomme lausdriftskravet er på 200 millionar kroner i 2026. Det er lagt til grunn at IN vidarefører saksbehandlingsreglane når denne posten kan nyttast. Vi må ha ein ambisjon om at Rogaland får nytte ein god del av denne potten, slik at det også blir høve til å nytte regional pott til andre prioriterte prosjekt. Den tildelte regionale ramma til Rogaland er på 92.25 millionar kroner.

Prioritering i 2026

Mjølkeprosjekt har høgast prioritet også i 2026. Vi legg merke til at det i oppdragsbrevet til IN er ekstra merksemd på driftsomfang inntil 30 kyr, det å basere drifta på eksisterande produksjonsvolum og på tilpassing til ressursgrunnlaget på garden.

Vi vil framheve at det framleis er prioritering av omlegging til SPF-gris med inntil 500 000 kroner. Det blei gitt støtte til 9 slike saker i 2025. Her repeterer vi elles dei momenta som skal vektleggast i alle saker:

  • Ungdom/generasjonsskifte
  • Distriktsmessige omsyn
  • Eige beite-/grovfôrgrunnlag
  • Krav til dyrevelferd

Slik situasjonen er nå i mars 2026 rår IN til at det ikkje blir send inn nye søknader nå før ramma for 2027 er avklart gjennom jordbruksoppgjeret. Det er allereie registrert inn langt fleire søknader innan prioriterte område som det ikkje er midlar til av ramma for dette året.

Sjå elles IN si nettside for meir informasjon om dei lokale priroteringar.

Bionova viktig for bioøkonomien

I brevet til IN er det eit eige punkt om Bionova, som mellom anna er eit viktig verkemiddel for å redusere klimagassutslepp. Eksempelvis det å stimulere til satsing på biogass, ved at det kan søkjast om støtte til å investere i biorestlager.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.