Inviterer til høgaktuell konferanse om mat og beredskap

Konferansen "Mat til alle i ei uroleg verd" blir arrangert av Rogaland Landbrukspark SA den 1. september 2025 frå klokka 09.30 til 15.00 i Tysværtunet kulturhus,.
Publisert 05.08.2025
Konferansen tar for seg Rogaland si rolle som matprodusent i ei stadig meir uroleg verd.
Det vil bli diskutert beredskap, matsikkerheit og råvaretilgang. Både forsyningslinene, matprodusentane og distribusjonskanalane treng kunnskap og innsikt for å vera robuste og leveringsdyktige. Kva skal til for å gi dei det?
Konferansen er aktuell for landbruket og anna nærings- og samfunnsliv, kunnskapsinstitusjonar, finansinstitusjonar, offentleg tilsette, politikarar og andre interesserte.
Her kan du lese meir om programmet og påmeldinga.