Ikkje rom for nye søknader ut over mjølk for investeringsmidlar (IBU) i 2026

Innovasjon Norge Rogaland har liggjande langt fleire saker på andre dyreslag enn IBU potten for 2026 og derfor er det ikkje rom for fleire nye søknader utover mjølk. Dette sjølv om både ku, gris og sau krev meir areal for å imøtekome krav om dyrevelferd.
Manglande investeringsmidlar var tema då Landbrukspartnarskapet i Rogaland hadde sitt møte den 17. september.
-Vi ha aldri før hatt ei så vanskeleg oppgåve når det gjeld det å prioritere i bruken av investeringsmidlar i landbruket, i ei tid der næringa står føre relativt store utfordringar for å imøtekome krav om dyrevelferd, seier landbruksdirektør Monica Dahlmo
Innovasjon Norge opplyser om rekordstor etterspurnad etter investeringsmidlar i Rogaland for 2025, noko som også var kjend tidleg på året. Berre til mjølkefjøs er det kome inn søknadar til å kunne bruke opp heile den lokale ramma også for 2026. Situasjonen er heilt ekstraordinær, sjølv med dei ekstra midlane frå revidert statsbudsjett.
Rundt 20 mjølkeprosjekt på vent til 2026
Det er semje i partnarskapet om å framleis prioritere mjølkeprosjekt, som også er i tråd med nasjonal prioritering. Etter tilgang på del frå nasjonal pott, og dei nemnte ekstra midlane gjennom statsbudsjettet, har det så langt i 2025 blitt løyvd rundt 175 millionar kroner i investeringsmidlar totalt sett i Rogaland. Av dette beløpet har 155 millionar kroner blitt løyvd til 37 mjølkeprosjekt, men framleis er det rundt 20 mjølkeprosjekt som er på vent.
Kva gjer vi då i 2026?
Partnarskapet finn det rett å formidle at mjølkeprosjekt har høgast prioritet også i 2026. Alt etter kor stor tilgang Rogaland får til den nasjonale potten, vil det vere rom for nokre nye prosjektsøknader knytt til omlegging til lausdrift på mjølk.
Rogaland er eit særs viktig husdyrfylke, og vi blir tildelt berre om lag 8 % av den nasjonale IBU-potten. Partnarskapet har derfor gjennom alle år hatt ei streng prioritering av investeringsmidlane, det gjeld både kven som får støtte og utmåling av støtte.
Vi har det siste året prioritert omlegging til SPF-besetning, med ein sats på inntil 500 000 kroner. Dette har utløyst ei viktig satsing på dyrevelferd innanfor svineproduksjon i Rogaland og partnerskapet er enige om å fortsetje same praksis så lenge midlane rekk også i 2026.
Som venta i eit stort husdyrfylke som Rogaland er det nå konkrete planar om større biogassanlegg. Saman med nytt regelverk for husdyrgjødsel, gir dette stort investeringsbehov for nye gjødsellager, noko vi og må prioritere også vidare. Vi vil også gi støtte til forprosjekt mjølk for å sikre god planlegging, samt gode tilleggsnæringsprosjekt som har stor effekt for garden.
Når det gjeld andre produksjonar enn mjølk ut over det som er nemnt over, er det allereie så mange søknader på vent at det uansett ikkje vil vere midlar til å imøtekomma dei i 2026. Innovasjon Norge vil gå gjennom og prioritere tilsegn på allereie mottekne søknader ut frå momenta under.
- Krav til dyrevelferd
- Ungdom/generasjonsskifte
- Distriktsmessige omsyn
- Eige beite/grovfôrgrunnlag
Vi vurderer også en forenkle saksbehandling med lågare og meir standardisert utmåling etter same prinsipp som for SPF-gris. Nærare informasjon om dette kjem på Innovasjon Norge sine nettsider under “Regionale prioriteringar” for Rogaland.
For å unngå ekstra arbeid for alle partar, ber me difor om at det ikkje blir sendt inn nye søknader på andre produksjonar.
Det vil altså bli slik at ein god del saker vil få avslag eller sterk avkorting i 2026, då vi aldri har stått føre så store utfordringar når det gjeld prioritering av ein avgrensa pott med IBU-midlar. Samstundes må vi vere glade for at det er så stor investeringsvilje i næringa.