Ein epoke i Ytre Ryfylke tek slutt når Kari Sand nå sluttar

Bilete av Kari Sand og Anfinn Rosnes på Helgøy
Bilete av Kari Sand og Anfinn Rosnes på Helgøy Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

I desse dagar har vår aktive Kari Sand sine siste arbeidsdagar på kontoret sitt på Jørpeland. Ei epoke med fokus på verdiskaping i ytre Ryfylke går mot slutten, andre må ta stafetten vidare.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.06.2022

Dagen vi ikkje var klar for, kom plutseleg. Få ville tru at Kari skulle bli pensjonist nå. Hu har vore ein viktig mobiliserar gjennom 24 år frå kontorstaden på Jørpeland, dei siste åra i eit spleiselag mellom kommunar og Statsforvaltaren. Kari starta i ei prosjektstilling i 1998, og stillinga har vore finansiert på ulikt vis gjennom desse åra. Det blir ein spesiell dag nå når Kari ikkje lenger kan ringast til om alle slags spørsmål knyta til næringsutvikling.

Alltid til stades

Kari har vore over snittet tilgjengeleg. Hu har bidrege med sin kompetanse i alt mobiliseringsarbeid ved Landbruksavdelinga, og hu er blitt godt kjend også utanom sitt kjerneområde i Ryfylke. Digitaliseringa har ho teke raskare enn oss andre, og ho har nytta fleire typar sosiale medium med sitt bodskap.

Har bidrege til stor verdiskaping

Av sluttrapporten kan vi sjå at Kari gjennom desse åra har vore i dialog med 1400 etablerarar, og at det i perioden er løyvd over 500 millionar kroner i lån og tilskott til 680 prosjekt. Det er ikkje få som har fått hjelp på vegen frå idè til etablering av ny verksemd.

Kari blir huska mest for fruktsatsinga

Kari vil nok bli hugsa mest for å ha bidrege til fruktsatsinga i Ryfylke, der vi i dag har over 500 dekar med eple og 100 dekar med morell i tunnel. Her er det nå ei årleg verdiskaping som har passert 40 millionar kroner. Og langt fleire satsingar kunne vore nemnt.

«Ka då ittepå»?

Kari si erfaring og pådrivarrolle blir vanskeleg å erstatte, og vi har teke avgjerd om å ikkje gå vidare med dagens modell. Vi har nå lyst ut ei ny fast stilling innan næringsutvikling med kontorstad på Statens hus, med fokus på mobilisering i heile fylket. Samstundes vil det vere aktuelt å bidra til at det blir etablert prosjektretta satsing i ytre Ryfylke, i dialog med dei aktuelle kommunane. Det er eksempelvis framleis potensiale innan mat og reiseliv.  

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.