Status for tomatprodusentane etter Coop sitt oppkjøp av ICA

Coop sitt oppkjøp av ICA har stilt tomatprodusentar i ein krevjande situasjon. Landbruks- og matdepartementet har bede Fylkesmannen i Rogaland om å kartlegge situasjonen, og initiere til dialog i verdikjeda.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.09.2015

10 tomatgartnarar står i dag utan leveringsavtale, eller signal om dette for 2016. Sju av desse er på Finnøy, tre på Jæren. Desse gartnarane står for om lag 10 prosent av det samla tomat-arealet i landet. I høgremargen finn du fleire arealfakta.

Konstruktivt møte

Fylkesmannen har i denne saka rolla som tilretteleggaren for dialog i verdikjeda. Fredag 18.september 2015 inviterte Fylkesmannen i Rogaland dei 10 gartnarane, samt kulturansvarlege i Grøntprodusentane sitt samarbeidsråd (GPS) til møte. Møtet var konstruktivt, og konkluderte med at neste steg i denne dialogprosessen blir at Fylkesmannen i Rogaland tek kontakt med nøkkelpersonar hjå grossistane.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.