Matauk på Matsmiå 2014

Velkomen til spennande og lærerike dagar på MatSmiå 19. - 20. februar på Karmsund vgs i Haugesund. Ein arena for inspirasjon, nettverksbygging og kompetanseheving!

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.01.2014

Kjende matfolk kjem for å inspirere og dele kunnskap:

  • Heidi Bjerkan, eigar av den kjende restauranten Credo, tidlegare sjefskokk ved Slottet og kjend frå Kokkenes Kokkekamp på tv!
  • Egil Smith-Meyer, matgründaren bak Tingvollost som produserer den prisvinnande osten Kraftkar!
  • Morten Schakenda, kokk og gründar av velrenommerte Bakeriet i Lom!

 

Til å leie kursa har vi fått med oss desse kapasitetane: Morten Schakenda frå Bakeriet i Lom, Geir Langeland frå A.Idsøe, Ragnhild Nordbø frå Norsk gardsost, Eivind Vangdal frå Bioforsk, Britt Elisabeth Olsen frå Designkokken og Frode Selvaag frå Ryfylkekokken!

Programmet finn du i margen på høgre side.

Formålet med samlinga er å inspirere til nyetableringar, større produktmangfald, auka kompetanse og styrka nettverk mellom lokalmatprodusentar og brukarar av lokal mat og råvarer.

Målgruppa er alle som er interesserte i lokal mat; matprodusentar, foredlingsverksemder, produsentsamanslutningar, serveringsstader som ønskjer meir lokal mat på menyen, kokkar som brenn for lokal mat, tilsette innan offentleg forvalting og andre interesserte.

Pris for inspirasjonssamling og kurs inklusiv lunsj er kr 1800.
Festmiddag 19. februar kl 19 koster kr 400.

Bindande påmelding innan 5. februar til post-st@nofima.no 

Før opp namn, bedrift, fakturaadresse, epost, telefon, eventuelt middag, allergi eller andre spesielle behov.

Ved val av kurs, før opp 1. og 2. prioritet.

For meir informasjon:
Aase Vorre Skuland              tlf 450 15 282            aase.vorre.skuland@nofima.no
Eli Munkeby Serigstad           tlf 414 18 510            fmroese@fylkesmannen.no

Arrangørar:
Fylkesmannen i Rogaland, Kompetansenettverk for lokalmat Sør, Bygdeutvikling Haugalandet, Karmsund vgs og Innovasjon Norge.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.