Kvar femte biff blir importert

Noreg importerer nesten 20 prosent av storfekjøtet. For å få fleire bønder til å satse på storfeproduksjon vert det arrangert ein temakveld om økonomi og storfe 11. februar 2015 på Høiland gard i Årdal. Harald Pedersen frå Tveit Regnskap kjem. Han er bonde og rekneskapsførar og har mange gode tips å kome med.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.02.2015

Alle som driv med storfe, og alle som har tankar om å starte med storfe, er velkomen til dette møtet om økonomi i storfeproduksjon. Harald Pedersen frå Tveit Regnskap AS held presentasjonen og det vert tid til diskusjon etterpå.  

11.februar 2015 kl 19-21 

Høiland gard, Årdal 

Deltaking er gratis, men meld deg på innan 10.februar 2015 til kari.sand@strand.kommune.no eller telefon 950 31 190. 

Harald Pedersen er rekneskapsførar hos Tveit Regnskap as i tillegg til deltidsbonde. Han har praktiske erfaring og er fagleg dyktig. Han formidlar stoffet på ein spanande og informativ måte. 

Storfesatsinga i Rogaland er eit bonderetta utviklingsprosjekt for å auke storfeproduksjonen i fylket. Målgruppa er både mjølke- og ammekuprodusentar. Som ein del av storfesatsinga vert det arrangert informasjonskveldar og kurs med meir, men det viktigaste er gratis rådgjeving for storfeprodusentar. Ta kontakt med slakteriet ditt for å få hjelp med dei utfordringane du har. 

Arrangør: Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke og Storfeprosjektet i Rogaland

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.