Godbitar frå Rogaland til Grüne Woche i Berlin

Regionale matspesialitetar er no på veg til Berlin. Dei skal komme besøkande på messa ”Internationale Grüne Woche” til gode, gi ein smak av Fjord-Norge og meirsmak på å reise hit.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.01.2014

Kassar med flatbrød, skinke, øl, fiskekaker, hjortebollar, røykt sik, gome, tomatsyltetøy og sjokolade er nokon av produkta som skal bli til smaksprøvar på messa. Rogaland deltek i fellesstanden til Fjord-Norge saman med Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre Romsdal.

Desse produsentane frå Rogaland deltek:

  • Hanasand gård og kjøkken, Rennesøy
  • Lysefjorden sjokolade, Øvre Espedal i Ryfylke
  • Mo Laksegard i Suldal
  • Nesheimstunet i Vindafjord 

Fakta om Grüne Woche: 

  • internasjonalt smalingspunkt for reiseliv, mat og landbruk
  • varer frå 17.-26 januar 2014
  • har 400-500.000 besøkande kvart år
  • Noregs stand er på 350 kvm og vi deltek for 27 gong
  • Blir arrangert for 79 gong

www.gruenewoche.de

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.