Fruktsafari 30. mai 2015

Det er stor interesse for fruktdyrking i Rogaland og 30. mai blir det arrangert fruktsafari til Roald Voll og Marianne Kåsen på Ombo. Dei har ein av dei mest moderne frukthagane i Noreg. Bli med på fruktsafari og sjå det med eigne auge. Påmelding innan 28.mai.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.05.2015

Marknaden skrik etter norsk frukt, men vi klarer ikkje å dyrke nok. Nye epletre er utvikla som gir frukt berre etter nokre få år. Frukt i Rogaland er eit satsingsområde, og det er laga eit kriteriedokument som seier noko om kva for kriterium som ligg til grunn for å søkje Innovasjon Norge om finansiering av nye fruktfelt.  I Ryfylke har allereie fem eksisterande og ein ny fruktdyrkar planar om å produsere frukt på 114 dekar. Desse har alle søkt Innovasjon Norge om finansiering. 

Tid: Laurdag 30. mai 2015

Stad: Roald Voll og Marianne Kåsen, Golv (Jørstadvåg) på Ombo

Ferje frå Hjelmeland til Ombo kl. 09.30
Ferje frå Nesvik til Ombo kl. 09.45
Retur frå Ombo til Hjelmeland/Nesvik kl. 13.00 

Målgruppe: Potensielle og nye fruktdyrkarar frå Dalane, Haugalandet, Ryfylke og elles i Rogaland. 

Påmeldingsfrist: 28.mai 2015

Pris: Gratis, men vi må ha påmelding grunna servering. 

Ta med gode sko og klede.

For meir informasjon - ta kontakt med Kari Sand, 950 31 190 eller kari.sand@strand.kommune.no

For påmelding fra
- Dalane: Kenneth Bakkehaug, 907 892 32 – fmro_kba@fylkesmannen.no
- Haugalandet: Anders Eik Hauge, 995 49 495 - Anders.Hauge-Eik@tysver.kommune.no
- Sauda og Suldal: Astrid Brommeland, 957 48 637 – astrid.brommeland@suldal.kommune.no
- Ytre Ryfylke og resten av Rogaland: Kari Sand, 950 31 190 – kari.sand@strand.kommune.no

Arrangør: Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke, Bygdeutvikling Haugalandet, Bygdeutvikling Dalane, Bygdeutvikling i Indre Ryfylke og Rogaland Fruktdyrkarlag.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.