Bærdyrkarar risikerer å stå utan rådgjeving

Haugaland Landbruksrådgjeving har lagt ned sitt tilbod om rådgjeving, og bærdyrkarlaget står i fare for å bli nedlagt på årsmøtet i 2016.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.12.2015

Det er bakgrunnen for at Haugaland Landbruksrådgjeving (HLR) vil arrangere eit bærmøte på Særheim 11. januar. Bærdyrkarane i Rogaland har derfor eit dårleg rådgjevingstilbod i dag. HLR trur det vil bli vanskeleg å finansiere ein eigen bærrådgjevar i Rogaland, og har diskutert eit samarbeid med Norsk landbruksrådgjeving Agder. Det viktigaste temaet på møtet blir rådgjeving for bærdyrkarane i Rogaland i framtida.

For å få bærdyrkarane til å møte, vil det bli eit godt fagleg innhald på møtet. HLR har invitert Jan Karsten Henriksen frå NLR Agder til å halde foredrag.

Fylkesmannen i Rogaland finansierer møtet med utgreiings- og tilretteleggingsmidlar. Vi grunngjev løyvinga med at frukt og bær er satsingsområde for landbruket i Rogaland. Vi ser at det skjer ein formidabel revitalisering i fruktnæringa gjennom «Fruktsatsinga». Derfor er det viktig at det blir set i gang tilsvarande prosessar for bærnæringa som vil måtte omhandle fornying, kompetanseheving, rekruttering og produktutvikling. Det er og viktig at rådgjevinga klarar å fornye seg slik at dei stadig er i front.

Les meir om saka på heimesida til Haugaland Landbruksrådgjeving her.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.