Nyttige webinar om konsesjons- og jordlov

Fylkesmannen har gjennomført to webinar om aktuelle delar av konsesjonslov og jordlov, og også tilhøve til plan- og bygningslova. Dette er sentrale lovreglar for framtidig arealbruk og verdiskaping i landbruket, mellom anna for å nå målet om ei effektiv og lønsam utnytting av garden sine ressursar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.11.2020

Normalt ville vi arrangert fysiske dialogmøte med kommunane om tema som dette, men det har ikkje vore aktuelt slik situasjonen er nå. Det er vår vurdering av webinar har vore eit godt alternativ for å nå hovudmålgruppa som er kommunane, der deltaking truleg har vore større enn vanlege møte. Det var godt 50 deltakarar på begge dagane.

Konsesjonslov, med fokus på bruksstruktur og verdsetting

På webinar om konsesjonslov 30. oktober var hovudfokus retta mot målet om å oppnå best mogleg bruksstruktur når eigedom er for sal. Eit viktig tema her er at avstanden mellom kjøparbruk og areal for sal ikkje blir for stor. Det blei vist til eit døme frå Hå, eit bruk som mange ville sei har ein normal struktur når vi tek med leigejord, der det samla må køyrast 18 km for å ha ein tur til kvar teig. Det er viktig at kommunen har særleg fokus på ein framtidsretta bruksstruktur dei få gongene sal av jord er til konsesjonsbehandling.

Det var sett av ein del tid til dialog om priskontroll, innleiingsvis med nokre reknedøme for jord og bygningar med utgangspunkt i rundskriv. Det er viktig å differensiere verdien for ulike jordkvalitetar, og at kommunen gjer si eiga vurdering i kvar sak. Kunnskap om jord er viktig, og her har vi i dag mange gode kartverktøy, til dømes om kor du kan dyrke ulike typar grønsaker. Vurdering av kostnadsverdi for driftsbygningar er krevjande, og det er ofte slik at bygningar som er lite tidsmessige får for høg verdi hos takstfolk. Eksempelvis har eit eldre båsfjøs liten verdi på eit bruk utan mjølkekvote eller storfe i det heile.

Jordlova, med fokus på kva som er å rekne som landbruk

På webinar om jordlov 5. november var vi innom fleire tema, innleiingsvis om kva som er å rekne som ei driftseining. Mest tid blei brukt på kva som er å rekne som landbruk, og jordlova sett i høve til plan- og bygningslova. Det blei vist til rettleiar Garden som ressurs som eit sentralt dokument. Det er viktig at kommunane har ei klar praktisering av kva som ligg innanfor LNFR-føremålet, ikkje minst å vurdere om bustadhus er nødvendig for drifta av garden. Til sist var tema deling og bruksrasjonalisering, med fleire eksempelsaker som kan vere til god hjelp i skjønnsvurderinga.

Vi tilbyr webinar ved behov

Vi har som eit viktig mål å ha ein god dialog med kommunane, og vi vil gjerne tilby fleire webinar om aktuelle tema. Det er også viktig at vi kan bygge kompetanse om utfordringar i kommunane, og at dei kommunalt tilsette får ein arena for å læra av kverandre. Det er også aktuelt for oss å tilby webinar retta mot bøndene, og vi tek gjerne imot forslag til tema for eit slikt tilbod.

Ta kontakt om du ønskjer å få tilgang til lysark brukt på dei aktuelle webinar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.