Takk for 2020!

Året 2020 har vore annleis og krevjande, men vi som til dagleg arbeidar med og for landbruket i Rogaland ser tilbake på 2020 med takksemd. Gode avlingar og reduserte lager av kjøt gir grunn for optimisme for bonden i Rogaland.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.12.2020

Dette er ei kortfatta oppsummering av året 2020 på Landbruksavdelinga. Mange hendingar og opplevelsar kunne vore omtalte, og her kjem nokre glimt gjennom året «ført i pennen» av Anfinn Rosnes. Dei som kjenner Anfinn veit det er fortalt med eit glimt i auget. 

Olaug stadig på tur til heimfylket

Vi har gjennom året hatt fleire hyggelege besøk av Olaug Bollestad, vi er etter kvart blitt på førenamn med ministeren. Første sjåførjobb i år fekk eg i samband med Det norske måltid den 10. januar. Olaug har alltid eit stramt program når hu er på tur, men hadde tid til å «klemme inn» eit gardsbesøk hos Arnstein Røyneberg.

Gardsbesøk hos Arnstein Røyneberg.
Gardsbesøk hos Arnstein Røyneberg. Foto: Anfinn Rosnes.

Ikkje lenge etter var det å bestille ny minibuss for å køyre Olaug med følgje til det årlege Varhaugmøtet. Med Olaug er det alltid god stemning i bussen, og det er ikkje alt som blir sagt som treng å siterast her.

Erna på bondebesøk

Tidleg i januar kom ein overraskande telefon frå Statsministeren sitt kontor om at Erna Solberg ville besøke ein bonde i Rogaland laurdag 25. januar. Eg tok kontakt med Arne Joa på Joa i Sola som straks sa ja til besøk. Ikkje visste eg alt om kor formelt det er å få slikt fint besøk. Det stod fleire svarte bilar og venta på meg ein avtalt stad, og eg køyrte føre til garden på Joa. Det var ikkje få som kom ut av bilane, og eg fekk oppleve å bli klarert av politifolk før fjøsbesøk. Erna tok seg god tid, og spørsmåla hennar gav inntrykk av at hu hadde kunnskap om landbruket. Vi nytta sjølvsagt høvet til å smette inn nokre kommentarar, m.a. om kor viktig det er å ikkje bygga ned jorda i slike pressa område.

Erna i god prat med junior og senior Joa, og med ordførar i Sola.
Erna i god prat med junior og senior Joa, og med ordførar i Sola. Foto: Anfinn Rosnes.

Covid19

Året har sjølvsagt vore prega av covid19, og det har allereie fått mykje spalteplass. Vi blei alle ramma, men også her vil eg drista meg til å summere opp med takksemd. Dessverre måtte vi avlyse fleire viktige treffpunkt, m.a. landbrukskonferansen i mars. Samstundes har vi tatt i bruk webinar, og har truleg treft fleire digitalt enn vi kunne gjort elles. Vårt inntrykk er at landbruksnæringa har klart seg godt tross nye utfordringar, ikkje minst er det blitt meir fokus på den viktige rolla jordbruket har når det gjeld sjølvforsyning.

Pandemien har gjort oss alle meir merksame på at det er viktig med eigen matproduksjon, og mange med meg har satsa på matauke i hagen (red.anm: Det er godt vi har proffe tomatgartnerar i Rogaland).

Delvis sjølvberging heima i hagen til familien Rosnes.
Delvis sjølvberging heima i hagen til familien Rosnes. Foto: Anfinn Rosnes.

Ferie i Noreg – eit landskap med jordbruk

Mange har dette året teke ferien heime i Noreg. Truleg og forhåpentleg blir det ein trend også i åra som kjem. Eg og familien fekk ein flott ferietur på vestlandet, der vi fekk høve til å leiga overnatting på fruktgard på Børve i Hardanger og på eit sauebruk ved Flåm i Sogn. Turen gav meg fleire tankar om kor flott land vi har og kor viktig det er med eit aktivt landbruk i heile landet. Samstundes takksemd over kor heldige vi er i Rogaland, som har så gode vilkår for jordbruksdrift.

Frå Øvre Børve i Hardanger – litt meir krevjande enn Jæren
Frå Øvre Børve i Hardanger – litt meir krevjande enn Jæren Foto: Anfinn Rosnes.

Gode avlingar

Året 2020 må seiast å vere eit særs godt avlingsår, og vi kan gle oss over to gode år på rad. Mange var i gang med førsteslåtten i mai, m.a. som her på Åmøy. Her følgjer nokre bilete som seier meir enn ord.

God førsteslått på Åmøy 29. mai 2020.
God førsteslått på Åmøy 29. mai 2020. Foto: Anfinn Rosnes.
Kinakål snart klar for hausting -  Ytre Tasta i Stavanger 27. september.
Kinakål snart klar for hausting - Ytre Tasta i Stavanger 27. september. Foto: Anfinn Rosnes.
Fôrhausting i Hå i slutten av november
Fôrhausting i Hå i slutten av november Foto: Annabell Pfluger.

Wenche slutta

Det som var heilt spesielt for 2020 var at Wenche blei pensjonist 1. mai, etter 49 år i same jobb. Vi lurar ennå på korleis dette skal gå.

Takk for godt samarbeid

Vi på Landbruksavdelinga vil med dette takke for alt samarbeid gjennom året 2020, både med kommunar og andre viktige treffpunkt i landbruket. Vi ser fram til vidare samarbeid i 2021.

Godt med vinterfôr lagra – og med håp om at jorda på Tasta ikkje forsvinn som sola i havet
Godt med vinterfôr lagra – og med håp om at jorda på Tasta ikkje forsvinn som sola i havet Foto: Anfinn Rosnes.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner