Kommunar og vaktdistrikt kan no søkje om stimuleringstilskot til veterinærtenester for 2023

Tilskotet skal bidra til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake områder på dagtid. Frist for å søkje er 5. april 2023.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.01.2023

Ordninga skal bidra til å sikra tilfredstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake områder på dagtid. Dei mest aktuelle stimuleringstiltaka er etableringsstøtte, driftsstøtte samt å oppretthalde kommunale veterinærstillingar der den tilsette kan bidra til å løyse ulike oppgåver i kommunen der veterinærkompetanse trengst.

Landbruksdirektoratet har laga ein rapport som syner næringsgrunnlaget i kommunen. Alle kommunar kan søkje, men Statsforvaltaren skal fordele midlane der det er størst behov. Fleire kommunar kan samarbeide og sende felles søknad for eit vaktdistrikt. I slike tilfeller skal administrasjonskommunen søkje.

Stortinget har løyvd totalt 34,282 millionar kroner i stimuleringstilskot til veterinærdekning for 2023. Dette er 881 000 kroner meir samanlikna med 2022. Statsforvaltaren i Rogaland har fått 583 000 kroner til fordeling i 2023, som er ein auke på 15 000 kroner frå 2022.

Lever søknaden i Altinn

Kommunen søkjer via Altinn om stimuleringstilskot. Skjemaet heiter "stimuleringstilskot til veterinærdekning". Søknadsfristen er sett til 5. april 2023. 

Prioriteringar for tilskot

Statsforvaltaren vil prioritere stimuleringstilkot til:

  1. Kommunar med dårleg næringsgrunnlag for veterinærar og/eller lågt dyretal og krevjande infrastruktur.
  2. Kommunar med vanskar med å rekruttere og halde på veterinærar
  3. Der stimuleringstilkotet er hensiktsmessig for å bidra til å sikre tilfredsstillande tilgang på dyrehelsepersonell.

Rapporteringsfrist for kommunar

Rapporteringsfrist om bruk av tildelte midlar er sett lik fristen for å søkje om stimuleringstilskot, det vil seie 5. april 2023.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.