Kommunar og vaktdistrikt kan søkje stimuleringstilskot for å sikre veterinærtenester

Tilskotet skal bidra til å sikre tilfredstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake område. Frist for å søkje er 19. april.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.02.2021

Det mest aktuelle tiltaket er å oppretthalde kommunale veterinærstillingar. Den tilsette òg kan bidra til å løysa andre oppgåver i kommunen som krev veterinærkompetanse.

Landbruksdirektoratet har laga ein rapport som syner næringsgrunnlaget i kommunen. Alle kommunar kan søkje, men Statsforvaltaren skal fordele midlane der det er størst behov. Fleire kommunar kan samarbeide og sende felles søknad for eit vaktdistrikt. I slike tilfelle skal administrasjonskommunen søkje.

Lever søknaden i Altinn

Kommunen søkjer via Altinn om stimuleringstilskot. Skjemaet heiter «Stimuleringstilskudd til veterinærdekning». Søknadsfristen er sett til 19. april 2021. 

Prioriteringar for tilskot

Stimuleringstilskotet må vere hensiktsmessig for å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell. Statsforvaltaren prioriterer stimuleringstilskot til:

  • Kommunar med dårleg næringsgrunnlag for veterinærar og/eller med lavt dyretal og krevjande infrastruktur.
  • Kommunar som har vanskar med å rekruttere og halde på veterinærar, og som har, eller vil, etablere hensiktsmessige tiltak for å avhjelpe situasjonen.

Prøveordning for 2021 og 2022

For tilskotsåra 2021 og 2022 er det innført ei prøveordning for kommunar som har utfordringar med å få nok veterinærar til å delta i klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Frå 2021 kan det stillast krav om deltaking i klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid for å få stimuleringstilskot til veterinærdekning.

Kommunar som stillar krav om deltaking i vaktordninga skal rapportere særskilt om dette til Statsforvaltaren ved den årlege rapporteringa om bruk av midlane.

Vedlagt finn du Landbruksdirektoratet sitt rundskriv 2020-43 om stimuleringstilskot til veterinærdekning for 2021.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.