Bonden og klimaomstilling

Det er mange nyhende om korleis me skal redusere klimagassutslepp og tilpassa oss til ein kvardag med våtare og villare ver. Landbruket er inga unntak. For å nemne nokre relevante omtala tema finn du Klimakur 2030, klimaavtalen mellom regjeringa og jordbruket, landbrukets klimaplan og klimakalkulator.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.12.2020

Så kva tenker bonden om dette?

Det har Lovise Hetland arbeida med i si mastergradsoppgåve ved UIS i studieretninga energi, miljø og samfunn. Ho har gjennomført sju intervju med bønder frå Sør-Jæren, for å sikra kvalitative vurderingar frå bonden inn i klimadiskusjonen. Lovise gjorde fleire funn i masteroppgåva si, mellom anna at det florerer mykje informasjon om klimaomstilling frå ulike kanalar og nivå, men diverre ingen felles og samlande informasjon. Difor ga fleire tilbakemelding om at av klimatiltak bør formidlast i saman med grunnleggande informasjon og kunnskap, for å sikra ei felles forståing.

Vidare kom det fram at klimaomstilling er eit lite diskutert tema i nettverka til dei bøndene ho intervjua. Det vart også framheva at det er manglande kapital for investeringar i klimatiltak i ei næring som i fleire tilfelle er pressa økonomisk. Gardbrukarane opplevde press frå fleire kantar, noko som gjer kvardagen kompleks og omstillinga vanskeleg. 

Fylkesmannen, bonden og klima – fleire webinar i vente

Fylkesmannen har auka satsinga i arbeidet med klimaomstilling. I tida framover vil vi arrangere fleire webinar om klima. Både innan landbruk, men også andre tema som myr, klimatilpassing og klimaregnskap - lista er uttømmande.

Lovise Hetland var den første i rekka av eksterne foredragshaldarar. Vi vil sende informasjon til relevante deltakarar og publisere informasjon på vår heimeside om kommande arrangement. Har du forslag til tema ta kontakt med vår klimakoordinator Ine Woldstad eller ein av dei andre i arbeidsgruppa for klima frå landbruksavdelinga. Vår kontaktinformasjon finn du i høgre marg.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.