Meir kontroll av foryngingsplikta

Landbruksdirektoratet innskjerpar no ytterlegare kravet til kontroll og oppfølging av foryngingsplikta i skogbruket.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.04.2015

Årsaka til innskjerpinga er statistikk frå resultatkontrollen og foryngingskontrollen som viser at kravet om planting etter hogst ikkje blir følgt opp i tilstrekkeleg grad - verken av grunneigar eller kommunal skogforvaltning. Heile Vestlandet ligg klart under landsgjennomsnittet, men Rogaland ligg lågast av alle. For 2014 er foryngingsprosenten heilt nede på 16 % - sjå figur om utviklingstrekk under.

Diagram som viser hogst og skogkultur i Rogaland for perioden 1992-2014

Landbruksdirektoratet ber Fylkesmannen vurdera økonomiske konsekvensar på skogområdet for kommunar som ikkje følgjer opp kontrollansvaret i tråd med retningslinjene. Det er sendt ut eit eige brev til alle kommunar om presisering av ansvaret, og der det forventast konkret handling og oppfølging raskt. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner