Utskiftingslova av 1821 – har du eit utskiftingskart frå før 1858?

Utskiftingskart over garden Malde frå 1834 .
Utskiftingskart over garden Malde frå 1834 . Foto: Sør-Rogaland jordskifterett.

I år er det 200 år sidan den første nasjonale utskiftingslova blei vedteken, nemleg utskiftingslova av 17. august 1821.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.02.2021

Perioden frå slutten av 1600-talet til midtvegs på 1800-talet blir gjerne kalla «overgangen til bondesjølveige». Det skjedde i denne perioden store strukturelle endringar på eigarsida av landareal i Noreg, men det var store regionale skilnader i når leiglendingsregimet tok slutt. Det var på dei fleste gardane utstrekt sambruk av jorda i form av teigblanding og fellesskap, og i utmarka var det sameige som rådde. Styresmaktene ønskte mot slutten av 1700-talet å gjere slutt på desse utenlege eigedomstilhøva, og innførte i 1821 den første nasjonale lova om utskifting.

Utskiftingar på Jæren

Det blei større fart på utskiftinga på nasjonalt nivå når ny lov om utskifting kom 12. oktober 1857, og frå 1859 oppstod det meir formaliserte «Utskiftingsvesenet», som me sidan kjenner som Jordskifteverket og no Jordskifterettane. Men ei hovudoppgåve frå NLH (no NMBU) frå 1993 (L. Lauvås «Utskiftinger på Jæren i perioden 1821-1858») syner at her på Jæren var det stor grad av utskifting av gardane også etter lova av 1821. Faktisk blei heile 47 prosent av gardane for Jæren samla sett skifta ut i perioden 1821-1858. På sentrale låg-Jæren (dagens Randaberg, Stavanger, Sola og Klepp kommune) var talet heilt opp i 70 prosent.

Har du eit eldre utskiftingskart?

Nokre forskarar frå NMBU og Høgskulen på Vestlandet er i desse dagar i gang med eit prosjekt der målet er å få laga ei bok med dokumentasjon av utskiftingskarta frå 1821 til etableringa av Utskiftingsvesenet i 1859. Frå Jæren er det berre eitt kart frå Madla frå 1834 som er dokumentert. Det blei utskift 200 gardar her i tidsperioden. Det var dyrt å få laga kart, og det var heller ikkje krav om det etter lova. Men med så stort tal utskiftingar, er det mogleg det er laga fleire kart.

I dette høve er forskarane interesserte i å få informasjon dersom du har slikt kart i frå denne perioden – anten i form av det var slik utskifting på din gard, eller at du gjennom anna arbeid eller interesse har slikt kart liggande. Det finst nemleg ikkje noko sentrale kartarkiv som går så langt tilbake, det kom først ved stifting av Utskiftingsvesenet i 1859.

Du kan lese meir om dette prosjektet og utskiftingslova av 1821 her: Utskiftningsloven er 200 år | NMBU Skulle du ha informasjon om slike kart frå perioden, kan du ta kontakt med professor Per Kåre Sky på e-post per.sky@nmbu.no eller kontaktpersonen i høgremargen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.