Høyring - flytting av myndigheit frå kommunen til Statsforvaltaren

Melkekyr hentes heim frå beitet i Hå kommune.
Kyr på veg til mjølking. Foto: Annabell Pfluger.

Landbruks- og matdepartementet har 21.12.2022 send på høyring forslag til endringar i forskrift som gjer at avgjerd om konsesjon til aksjeselskap blir flytta frå kommunen til Statsforvalteren.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.12.2022

Forslaget om å endre forskrift om overføring av myndighet til kommunene m.fl er ei oppfølging av Hurdalsplattforma.  

Personleg eigarskap viktig i landbruket

Regjeringa ønskjer at landbruksressursane blir haldne i hevd, og at det er personleg eigarskap til jord- og skogeiedommar. Eigarskap gjennom aksjeselskap er ikkje ønskeleg. Det er relativt få konsesjonssaker i kommunane der aksjeselskap er søkjar, og departementet peikar på at det er viktig å ha lik praktisering i slike saker. Vidare meiner dei det vil vere lettare for Statsforvalteren å bygge kompetanse på dette feltet. Høyringsfristen er 21.03.2023, og meir informasjon om saka finn du på nettsida til LMD.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.