Arealfragmentering i jordbruket ei utfordring

Torsdag 12. november heldt Institutt for rural og regionalforskning (Ruralis) sitt Landfrag-prosjekt ein digital konferanse. Målet med konferansen var å løfte fram jordbruksareala som grunnleggjande ressurs i norsk landbruk, og å setje søkelyset på relasjonen mellom eigarane og leigarane av jord.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.11.2020

Landfrag-prosjektet handlar overordna om arealfragmentering i jordbruket, med fokus på at jordbruksareala ligg spreidd og oppstykka, og den auka delen av leigd jord for dei driftseiningane som veks og vert større. I følgje eigen nettstad, skal prosjektet hjelpa bønder i å bytte jord innbyrdes for å oppnå ein meir effektiv og miljøvennleg drift.

Fylkesmannen i Rogaland har vore ein av fleire samarbeidspartnarane i Ruralis sitt Landfrag-prosjekt. Du kan lese meir om prosjektet på nettstaden til prosjektet.

Digital konferanse

Programmet for konferansen inneheldt fleire spennande foredragshaldarar, med innlegg både frå Landbruks- og matministeren, fleire forskarar, Norsk landbruksrådgivning og Norges bondelag. Det vart gjort opptak av heile konferansen som du kan sjå på følgjande lenker:

Informasjon og dokument frå prosjektet

Som eit resultat av prosjektet er det publisert fleire interessante forskingsrapportar, og her følgjer lenker til ein del av dei rapportane og publikasjonane som var tema på konferansen 12. november:

Prosjektleiaren Magne Forbord har også skrive ein interessant kronikk om arealfordeling og krysskøyring i jordbruket, og på konferansen hadde forskar Torbjørn Haukaas frå NIBIO ein gjennomgang av NIBIO sin Transportkalkyle for grovfôr og gjødselspreiing.  

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.