Ny gebyrforskrift for konsesjons- og delingssaker frå 1. januar

Statens landbruksforvaltning har vedteke ny gebyrforskrift der det er sett faste maksimalsatsar for gebyra.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.01.2012

Etter offentleg høyringsrunde har Statens landbruksforvaltning no vedteke ny gebyrforskrift for saker til behandling etter erverv - konsesjonslova og jordlova. Forskrifta blei vedteke 14.12.2011, og skal nyttast frå 01.01.2012. Dei nye reglane bør leggjast til grunn også for saker som er innkomne før årsskiftet, men som ikkje er ferdig behandla i kommunen.

Fast maksimalsatsar for gebyr
Hovudendringa er at det no er faste maksimalsatsar for gebyra – kr. 5.000 for konsesjonssaker og kr. 2.000 for delingssaker. Tidlegare blei konsesjonsgebyret rekna ut i høve til avtalte kjøpesum for eigedomen. Men kommunane har også fått moglegheit til å justere gebyrsatsane i samsvar med lokale behov, men ikkje til høgare beløp enn dei som her er opplyst ovanfor.

Fritak for gebyr
Det er viktig å merke seg at det ikkje skal betalast gebyr i dei konsesjonssakene der nære slektningar eller odelsberettiga må søkje konsesjon av di dei ikkje skal oppfylle lovebestemt buplikt. Vi vil og peike på at det er høve til å søkje om fritak for gebyr - slik søknad kan innvilgast av avgjerdsorganet, normalt kommunen, når det er særlege grunner for dette.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Lenker