Får ikkje dele opp gardsbruk i Eigersund

Fylkesmannen opphever eit kommunalt jordlovsvedtak i Eigersund kommune fordi det er i strid med jordlova. Saka gjeld deling av jordbruksarealet frå eit velfungerande bruk. Det frådelte arealet var tenkt nytta til etablering av forsøksgard og kompetansesenter for utvikling av spesialisert storfekjøtproduksjon.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.06.2012

Fylkesmannen er positiv til det lokale initiativet for å utvikle ein meir spesialisert storfekjøtproduksjon, og er glad for at initiativet blir støtta politisk i kommunen. Også Innovasjon Norge har gitt lovnad om støtte til prosjektet. Fylkesmannen meiner at det lokale storfekjøtprosjektet kan realiserast utan ein slik deling. Men samanføying av det frådelte arealet med eit mindre bruk om lag 14 km unna vil gi ei betydeleg dårlegare driftsmessig løysing. Fylkesmannen meiner at samfunnsinteressene ikkje kan vege opp for dei negative konsekvensane for det bruket som blir delt.

Frådeling av tunparsellar
Fylkesmannen har også oppheva eit vedtak om frådeling av to tunparsellar på til saman 10,2 daa mot at resten av arealet blir seld som tilleggsjord til eit bruk som ligg ca 13 km frå den delte eigedomen. Arealet på delingsbruket blir i dag leigd av dei som ønskjer å kjøpe jorda. Fylkesmannen meiner at kjøp av areal og samanføying med kjøparbruket er ei varig løysing som må vurderast strengare enn rein jordleige når det gjeld kravet til driftsmessig god løysing.

Fylkesmannen meiner at dei to delingsvedtaka i planteknisk utval i Eigersund kommune, 044/12 og 045/12, pkt. 2 er i strid med føremålet i jordlova, jf § 1, og at ingen av dei to alternative vilkåra for samtykke til deling etter § 12 i lova er til stades. Fylkesmannen har lagt særleg vekt på at godkjend deling fører til ein uheldig bruksstruktur. Kommunen sine vedtak vil bidra til å svekke grunnlaget for busetjing, arbeid og gode driftsmessig løysingar for landbruket dersom dei blir ståande.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.