Tydeleg jordvernbrev frå statsrådane Bollestad og Astrup

Statsrådane Bollestad og Astrup meiner jordvern er avgjerande for å nå måla om berekraft.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad og kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup sende den 8. januar ut eit brev til alle kommunar og fylkeskommunar med oppdrag om å ivareta jordvern og berekraftmåla i arealplanlegginga.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.01.2021

I brevet framhevar statsrådane jordvern som viktig team i arealplanlegginga, og dei peikar på at jordvern er viktig for fleire av berekraftmåla. Dette kjem fram av pressemeldinga frå departementa.

Jordvern ei særleg utfordring i Rogaland

Rogaland er kjent som eit fylke der det er omdisponert mykje god matjord, og vi toppar for ofte statistikken for omdisponering. Vi står framleis føre utfordrande saker knytt til utbygging og jordvern. Samstundes har vi sett ei positiv utvikling i seinare tid. Vi har registrert at fleire kommunar nå har auka fokus på jordvern i samband med revisjon av kommuneplanar. Det er også eit auka regionalt fokus på jordvern, med klar målsetting i Regional jordvernstrategi.

Kommunane har ei nøkkelrolle i oppfølging av jordvern og berekraftmåla   

Berekraftmåla er verdas felles arbeidsplan for å utrydde sult og fattigdom, og det å stoppe klimaendringar. Det blir framheva at jordvern er avgjerande for å nå måla. I brevet blir det framheva at det skal produserast mat i heile landet. Det er i hovudsak kommunane som vedtek planar knytt til bruk og vern av areal, og slik sett tek avgjerder som i enkelte tilfelle kan få konsekvensar ut over kommunen sine grenser.

Statsforvaltaren i Rogaland vil følgje opp brevet

Statsforvaltaren har også fått i oppdrag å ha berekraftmåla som fundament for vårt arbeid. Det betyr at vi skal ha sterkt fokus på jordvern i våre uttalar til arealplanar. Vår rolle er å sjå til at kommunane følgjer nasjonal politikk om jordvern, og dette brevet vil vere eitt av fleire verktøy vi nyttar.

 

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.