Jordvern og landbruk i FRAM – fylkesplan for regional utvikling og mobilitet

Rogaland fylkeskommune har starta arbeidet med ny fylkesplan for regional utvikling og mobilitet (FRAM-plan). Det er lagt opp til eit relativt omfattande planarbeid med mål om første vedtak i fylkestinget i juni 2027. Statsforvaltaren har i uttale til planprogram peika på at landbruk og jordvern er viktige tema i planarbeidet.

Publisert 10.03.2026

FRAM skal både samle og vidareutvikle arealpolitikken frå ei rekke gjeldande planar i Rogaland, og skal samstundes vere ein arena for utvikling. Her fortel fylkesordførar Ole Ueland om planarbeidet.

Kvifor dette omfattande revisjonsarbeidet?

Rogaland er rekna som å vere eit godt planfylke, og det er over tid blitt vedteke mange sektorplanar. Til dømes blei det i 2011 vedteken ei eigen Regionalplan for landbruk, og i 2020 ein Jordvernstrategi for matfylket Rogaland. I arbeidet med ny utviklingsplan for Rogaland (planstrategi) i 2023/2024 blei det gjennomført ei kartlegging som viste at Rogaland fylkeskommune har over 500 arealføringar i ulike plandokument, av dette om lag 350 retningsliner for arealbruk fordelt på fire regionale areal- og transportplanar. Det er semje om at dette er såpass omfattande at det blir uoversiktleg og delvis utdatert. Ein annan viktig grunn for revisjonsarbeidet er nye nasjonale føringar, og særleg gjeld dette nye statlege planretningsliner for arealbruk og mobilitet (SPR-AM). Også nye nasjonale føringar om jordvern og klimatilpassing blir framheva som viktige grunnlag for revisjonsarbeidet.

Jordvern og landbruk i FRAM

Landbruk er ei viktig næring i Rogaland, og Statsforvaltaren har framheva at det er viktig at landbruk ikkje berre blir eit tema under jordvern. Vi har peika på at landbruksnæringa i Rogaland, som er av nasjonal verdi, også må inkluderast under næringskapittelet. I tillegg til å vere avhengig av eit sterkt jordvern, har landbruksnæringa ei viktig rolle i Rogaland med omsyn til sysselsetting og utgangspunkt for nye grøne næringar, reiseliv og energiproduksjon. Det er viktig å vere merksame på at landbruksnæringa er ein av dei mest arealkrevjande næringane vi har. Regionalt jordvernmål for Rogaland er at vi maksimalt skal omdisponere 200 dekar dyrka jord årleg, medan gjennomsnittleg omdisponering dei 5 siste åra har vore om lag 600 dekar. Vi har difor framheva at planvask må bli eit viktig tema i det regionale planarbeidet, særleg når arealrekneskap viser at fleire kommunar har store arealreservar. Elles er det lagt til grunn at langsiktige grense og kjerneområde for landbruk frå gjeldande regionale ATP-planar skal vidareførast. 

Det som elles kan bli eit krevjande tema i revisjonsarbeidet er retningsliner for forvalting av landbruksareal. Vi har i dag ulike regionale retningsliner om dispensasjonar når det gjeld frådeling og bruksendring i landbruksområde. Vi har presisert at prinsippa for revisjon må vere å sikre ei langsiktig og berekraftig forvalting av landbruksområda, og at landbruksinteressene skal ha prioritet. Vi jobbar nå med ei eiga spørjeundersøking retta mot kommunane og deira erfaringar med frådeling av tun i samband med bruksrasjonalisering. Undersøkinga vil kunne gi oss nyttig kunnskap inn i mot arbeidet med FRAM.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.